Vurdering

I vurdering av kandidaten skal ein ta utgangspunkt i UDIR sine kjenneteikn på måloppnåing.

Sensorane skal stille spørsmål som gir eleven anledning til å syne breiast mogeleg kompetanse i faget. Ein eksamen som berre prøver nokre kompetansemål, vil vere i strid med prinsippet om at eleven skal få mogelegheit til å syne kompetanse i så stor del av faget som mogeleg.

Sensorane skal leite etter den kompetansen eleven har, og ikkje leite etter det eleven ikkje kan.

Karakteren skal setjast på individuelt grunnlag. Når sensorane har diskutert seg fram til karakteren, skal eleven straks få vite karakteren.

Eksamenskarakteren er eit uttrykk for den kompetansen som kvar enkelt elev eller privatist syner på eksamen.