Omgrepsavklaringar

Munnleg eksamen

Omgrepet «munnleg eksamen» er i Forskrift til opplæringslova, og i skriv frå Utdanningsdirektoratet brukt saman med omgrepa «lokalt gitt eksamen» og «lokalt gitt munnleg eksamen». I denne instruksen nyttar ein «munnleg eksamen» i tråd med dei siste skriva frå Utdanningsdirektoratet.

Munnleg-praktisk eksamen

Munnleg-praktiske eksamen er ein kombinasjon av munnleg eksamen og praktisk eksamen. Kombinasjonen av to eksamensformer gir rom for å nytte ulike oppgåvetypar som inkluderer praktisk bruk av kunnskap og dugleikar.

Sensor

Ved eksamen skal det vere to sensorar, den eine kan vere elevens faglærar. Omgrepet «ekstern sensor» blir i denne instruksen nytta som nemning på den av sensorane som ikkje er elevens faglærar, og som gjerne kjem frå ein anna skule.

Fagsamtale

Med fagsamtale forstår vi heile den dialogen elevar, faglærar og sensor har på eksamensdagen. Dette omfattar eventuell presentasjon, praktiske oppgåver, avklarande spørsmål og dialog kring problemstillinga slik at eleven får vist størst mogeleg kompetanse. (Sjå eige kapittel om fagsamtale)