Klage

Dersom ein eller fleire partar har innvendingar mot gjennomføring av eksamen, skriv rektor protokoll over forholdet, og dei involverte skriv under protokollen.

Ved lokalt gitt eksamen (munnleg eksamen) kan det berre klagast på formelle feil som kan ha hatt innverknad på resultatet. Formelle feil kan vere:

  • inhabilitet
  • feil ved oppnemning av sensor
  • feil knytt til eksaminasjonen
  • gjeldande reglar for karaktersetjing er ikkje følgde
  • eleven kjenner ikkje vurderingskriteria
  • eksamensoppgåvene er ikkje innanfor mål i læreplanen
  • eleven får ikkje bruke den tida han/ ho har krav på
  • eleven vert avbroten av uro
  • eleven er ikkje informert om den delen av eksamensinstruksen som vedkjem dei
  • eleven møter ei organisering rundt eksamensavviklinga han/ ho ikkje har blitt informert om på førehand eller prøvd i tidlegare
  • rettleiinga under førebuinga har mangla eller vore mangelfull
  • Dersom klagaren får medhald, vil gitt karakter gå ut og eleven får høve til å gå opp til ny eksamen – med ny sensor i same fag eller nytt fag. Normalt vil dette først kunne gjennomførast påfølgjande haust.

Lovtekst:

«Ved munnleg eksamen kan det berre klagast på formelle feil som kan ha noko å seie for resultatet. Ved klage på munnleg eksamen hentar rektor inn fråsegn frå sensor og eksaminator og sender desse fråsegnene og klagen saman med si eiga fråsegn til statsforvaltaren når det gjeld klagar i grunnskolen, og til fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde som klageinstans, når det gjeld klagar i vidaregåande opplæring. Kopi av fråsegnene skal sendast til klagaren.

Dersom klagaren får medhald i klagen ved munnleg eksamen, skal karakteren annullerast, og klagaren har rett til å gå opp til ny eksamen. Dersom klagaren vel å gå opp til ny munnleg eksamen, skal prøvesvaret bedømmast av ein ny sensor. Gjeld klagen prøve i trekkfag, skal det trekkjast fag på ny. Eleven skal få melding om faget med same frist som ved ordinær prøve..» (Forskrift til opplæringslova § 5-10).

 

Klagefrist er 10 dagar (Forskrift til opplæringslova § 5-5).