Gjennomføring på eksamensdagen

Tidsrammer munnleg eksamen

Ein set av inntil 30 minutt pr. elev til gjennomføring. Karaktersetjinga (samtalen mellom faglærar og sensor) er ikkje ein del av disse 30 minutta.

Tidsrammer munnleg-praktisk eksamen

Ein set av inntil 45 minutta pr. elev til gjennomføring. Karaktersetjinga (samtalen mellom faglærar og sensor) er ikkje en del av disse 45 minutta.

Utstyr og hjelpemiddel

Ved avsluttinga av førebuingsperioden klargjer elevane det utstyret dei vil nytte i eksamensrommet. Faglærar kan hjelpe elevane både i førebuingsperioden og ved start på eksamensdagen.

Det er ikkje regulert i forskrifta kva hjelpemiddel som kan nyttast. Tilgang eller avgrensingar skal grunngjevast ut i frå kompetansemåla i læreplanen, fagets eigenart og eventuelle digitale oppgåveformat.

Fagsamtale

Eleven førebur ein fagsamtale med faglærar og sensor. Eleven kan velje å ha ein presentasjon, eller starte fagsamtalen på valfri måte. Fagsamtalen har som føremål å utdjupe elevens kompetanse innanfor temaet/problemstillingane. Gjennom fagsamtalen skal eleven gis mogelegheit til å syne heilskapleg kompetanse i faget. Eleven kan prøvast i fleire relevante delar av læreplanen enn det som kan lesast direkte ut av eksamensoppgåva.

Fagsamtalen har fleire føremål:

  • å dokumentere elevane sitt kompetansenivå innanfor dei felta elevane har velt å legge vekt på.
  • å dokumentere elevane sin kompetanse på områder som er sentrale innanfor eksamensoppgåva, men som elevane ikkje har belyst.
  • å dokumentere elevens heilskaplege kompetanse i faget.
  • å klargjere den enkelte elevs kompetanse gjennom fagsamtalen.

Faglærar har ansvaret for og styrer kommunikasjonen med eleven(ane) i eksamenssituasjonen. Innanfor dei rammene faglærar legg, kan ekstern sensor delta i samtalen med eleven(ane). Både ekstern sensor og faglærar har plikt til å bidra til god kommunikasjon og til å skape tryggleik for elevane.

Vurdering og karaktersetjing

Ekstern sensor har hovudansvaret for vurdering av eleven. Faglærar har plikt til å delta i vurderinga som sensor. Ved usemje fastset ekstern sensor karakteren.

Grunnlaget for vurdering er dei kompetansemåla i læreplanen som er relevante innanfor eksamensoppgåva, og fagrapporten. Det er den enkelte elevs kompetanse, slik den syner seg i eksamenssituasjonen, som skal vurderast. Karakterane vert gjort kjend for elevane straks etter at eleven er ferdig, og ekstern sensor og faglærar har drøfta karakterfastsettelsen. Elevar som vel å gå opp i gruppe vert vurdert individuelt. Det er ekstern sensor som gjer kjend og grunngjev karakterane for elevane.