Førebuing og påmelding til eksamen

Elevar og lærarar bør tidleg, og seinast ved start av 10. trinn, gjerast merksame på rammene for munnleg og munnleg-praktisk eksamen. Det er ynskjeleg at det i løpet av 10. trinn arrangerast ein prøvesituasjon som for elevane fortonar seg slik eksamen skal  gjennomførast. Dette betyr mellom anna følgjande:

  • Elevane er kjend med rammer og reglar for eksamen.
  • Elevane er kjend med mål og vurderingskriterier.
  • Elevane har erfaringar med eksamensliknande tema/problemstillingar.
  • Elevane har erfaringar med korleis rettleiing blir gitt.
  • Elevane har erfaring med bruk av digitalt utstyr og korleis ein praktisk del vert gjennomført.
  • Elevane har erfaring med samtalar, samarbeid og presentasjon saman med lærar og andre elevar.
  • Elevane og dei føresette har fått informasjon om reglane for klagerett knytt til munnleg/munnleg praktisk eksamen.

Skulen må vere merksam på følgjande:

  • Skulen må melde frå til fagutvikling kva lærarar som skal vere sensorar ved eksamen. Slik melding skal gis i oktober. Skulen skal melde minst ein sensor meir til sensoroppdrag fordelt på aktuelle fag, som det talet sensorar skulen sjølv har behov for.
  • Skulen melder inn elevar som skal ha eksamen til fagutvikling, i oktober månad. Fagutvikling sett opp eksamenspartia.
  • Trekking av eksamensparti i matematikk/ naturfag/ fordjuping i matematikk/arbeidslivsfag «overstyrer» andre eksamensparti.
  • På grunn av lenger tid på munnleg praktisk eksamen kan skular måtte gjennomføre eksamen over to dagar.