Førebuing for elevane

Eksamensoppgåver

Eleven trekker blant de utarbeidde eksamensoppgåvene. Eksamensoppgåvene skal ikkje instruere elevane, men dei kan ha både obligatoriske og valfrie element. Eksamensoppgåvene skal gi eleven informasjon om dei viktigaste kriteria for vurdering, og kan også innehalde lenker til nyttige nettsider og tilvising til andre kjelder.

Elevanes mogelegheiter, rettar og plikter

Elevane kan velje om dei vil ta eksamen individuelt eller i gruppe. Elevane skal ha innflytelse på korleis samarbeidsgruppene vert sett saman, men det er skulen som til slutt avgjer kva elevar som skal utgjere ein gruppe. Elevane har rett til å velje å gå opp til eksamen individuelt. Retten til å velje individuell eksamen gjeld fram til direkte etter at eksamensfaget er kjend for elevane – 48 timar før eksamensdagen.

Elevane skal i heile førebuingsperioden ha tilgang til digitalt utstyr og internett. Skulen bør legge til rette for at elevgruppa får arbeide uforstyrra av andre aktivitetar på skulen, så langt det er praktisk mogeleg å få til. Elevgrupper som ynskjer det, kan i delar av førebuingsperioden arbeide andre stader enn på skulen, men skulen skal bidra til at elevgruppa i tilstrekkeleg grad får forberede seg samla. Førebuingsdagane er obligatoriske skuledagar der elevane har rett på eit pedagogisk tilbod.

Det er ingen krav til presentasjon. Dette gir større fleksibilitet for korleis elevane nyttar førebuings- og eksamenstida. For ein del elevar kan det å ha regi på starten av eksamen bidra til å gi føreseielege og trygge rammer. Presentasjon kan framleis nyttast til munnleg og munnleg-praktisk eksamen, men det er frivillig. Avhengig av kva eksamensoppgåve elevane har trekt, skal elevane få mogelegheit til å førebu seg på ein måte som gjer dei i stand til å vise kompetansen sin. Elevane har sjølv ansvar for at utstyr som nyttast, fungerer. Dersom utstyr sviktar undervegs, skal fagsamtale likevel gjennomførast.

Dersom elevar har krav på særskilt tilrettelegging av eksamen, tar rektor avgjersle i tråd med Forskrift til opplæringslova, § 3-29.

Rettleiing

Elevane har rett til rettleiing i førebuingsfasen. Skulen syt føre at fagleg rettleiing er tilgjengeleg for elevane i førebuingstida. Skulen kan setje opp ein rulleringsplan for når dei ulike elevane kan få rettleiing.

Rettleiinga har fleire formål:

  • å presisere prosedyrar for eksamensgjennomføringa.
  • å klargjere eksamensoppgåvas tema/problemstillingar.
  • å gi tilgang til praktisk materiell som elevane ynskjer å nytte.
  • å klargjere vurderingskriteria.
  • å bidra til like mogelegheiter for alle.
  • å bidra til godt samarbeid og gode relasjonar i eventuelle par og gruppe.

Rettleiinga må ikkje

  • gi elevane instruksjonar om ein bestemt løysingsmåte.
  • etablere avtalar om korleis elevane skal svare på spørsmål i fagsamtalen.

 

Fråvær

Du kan lese om fråvær på eksamen her