Om begynnaropplæring

Kva handlar god begynnaropplæring om? Undersøkingar peikar på at det er forskjell mellom det forsking viser har god effekt på begynnaropplæring og det som faktisk skjer i norske klasserom.

Vi har gjennom utviklingsarbeid i kommunen sett at vår praksis med begynnaropplæringa også har potensiale til å styrkast. Gjennom ei større satsing på dei viktige første åra, har vi jobba saman med tilsette, leiing og eksterne fagmiljø for å utvikle denne praksisen.

Kommunen har etablert ein pedagogisk plattform for begynnaropplæringa som er i samsvar med gjeldande læreplanverk, LK20, for å definere nokre rammer og prinsipp som alle elevane våre skal møte, uavhengig av kva for ein skule dei går på og kva for ein lærar dei har.

Eit viktig mål har vore å samle forskings- og kunnskapsbaserte metodar som skal gi den beste begynnaropplæringa i Sunnfjord.

Sunnfjord kommune har som mål å gje alle elevane i kommunen ein trygg og god skulegang med høg kvalitet i begynnaropplæringa.

Begynnaropplæring er alt barnet møter på skulen når det kjem til læringsmiljø, aktivitetar og undervisning dei første skuleåra, og særleg det første og andre skuleåret. Gjennom denne erfaringa, leikbaserte tilnærmingar og forskings- og kunnskapsbaserte metodar skal dei lære seg å lese, skrive, rekne og utvikle seg sosialt i eit inkluderande læringsmiljø.