Leik

Leiken skal vere ein del av begynnaropplæringa. Leiinga ved kvar skule må legge til rette for dette. 

Å leike med andre bidreg til at born får erfaringar med korleis dei skal vere i lag med andre, og korleis dei skal kommunisere. Dei får erfaringar med å vise omtanke og setje grenser for seg sjølv. Dei lærer seg kva som fungerer, og kva som ikkje er hensiktsmessig. Det å leike i lag med andre er å samhandle og samarbeide.  (Brønstad, E. S. (2019). Lekens egenverdi. 

Det er viktig å legge til rette for både rammeleik, styrt leik og frileik. 

Sosial kompetanse handlar om å kunne kommunisere og samhandle med andre i ulike situasjonar. Denne kompetansen er sentral for at born skal lukkast og trivast. Forsking viser at born si evne til å etablere venskap i stor grad heng saman med deira sosiale kompetanse. For å bli gode på sosial kompetanse treng vi jobbe med eit sett ferdigheiter. Sjølvfølelse, empati, prososial åtferd, sjølvhevding, sjølvkontoll. (udir.no)   

Lenkjer

https://www.udir.no/laring-og-trivsel/tilpasset-opplaring/de-yngste-barna-i-skolen/