Kartlegging hjelper med å identifisere elevar som treng ekstra støtte eller utfordringar tidleg, slik at nødvendige tiltak kan settast inn. Det gir lærarane innsikt i kva område som treng meir fokus, slik at undervisninga blir mest mogleg effektiv. Vidare legg kartlegging grunnlaget for godt samarbeid mellom skule, heim og andre aktørar, for å sikre elevane best mogleg støtte.
Sunnfjord kommune har ein kartleggingsplan som legg føringar på kva kartleggingar alle elevar skal gjennomføre, samt kva kartleggingar som kan nyttast dersom det er behov for å vite meir om ein elev sine føresetnader.
Vi har eit mål om å kartlegge så lite som mogleg, men likevel nok til å få nødvendig informasjon om elevane våre.