Søke om eller endre plassDu søker via Visma Flyt Skule om SFO-plass. Søk om SFO-plassFor barn i 5.–7. klasse med særskilte behov, må du legge fram sakkunnig vurdering. Ta kontakt med skulen om du har spørsmål om det enkelte SFO-tilbodet. Kor tid får du svar på søknaden?Alle som har søkt innan fristen får tilbod om plass i god tid før skulestart. Logg deg inn på same plassen som du søkte for å finne svarbrevet. Du finn vedtaket om plasstilbod under "dokument" i Visma flyt skole.Etter å ha fått plass vil du bli bedt om å oppgi kva tider de ynskjer å nytte timane.Søknadsfrist Søknadsfristen for hovudopptaket er 1. aprilDu kan likevel søke om opptak heile året. Dersom du skal endre eller seie opp plassenDu må logge deg inn på Visma Flyt Skule for å endre frå til dømes A til C-tilbod.På same plassen kan du seie opp SFO-plassen. Oppseiingsfristen er ein månad. Seier du opp før den 1. i månaden, vil oppseiinga gjelde frå den 1. i påfølgande månad. Det er ikkje høve til å seie opp eller redusere tilbodet for barnet etter 1. april. Ved byte til eit mindre tilbod gjeld òg oppseiingsfristen på ein månad. Ved byte til større tilbod kan endring gjelde straks dersom det er plass.Dersom barnet ditt skal ha same tilbodet neste skuleår, treng du berre å melde frå kva tider ein ynskjer å nytte timane. Sist endra 15.04.2024 14.17