Stortingsmeldinga Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO (Meld. St. 6 (2019-2020)) varsla ein ny nasjonal rammeplan. Det var lagt vekt på at rammeplanen skulle vere basert på gjeldande rett og gi rom for lokale variasjonar. Rammpelanen presiserer formålet slik det står i opplæringslova.
Eit viktig moment er at SFO i større grad skal sjåast i samanheng med resten av samfunnet, og at kommunen skal utvikle tilbodet i samanheng med skule, barnehage, barnevern og andre som jobbar førebyggande for barn og unge. Den orverordna planen har som funksjon å omsetje rammeplanen til eiga verksemd.
Planen er utarbeidd av ei arbeidsgruppe beståande av tilsette i SFO.
Planen tek opp i seg følgjande:
- Overordna mål og verdigrunnlag
- Struturelle forhold
- Trygt og godt SFO-miljø
- Samarbeid mellom SFO og heimen
- Fagområder frå rammeplanen
Her finn du den overordna planen for SFO i Sunnfjord kommune