Send oss ein skriftleg førespurnad via elektronisk skjema for sensitive opplysningar.
elektronisk skjema for sensitive opplysningar
Det er viktig at du skriv fødselsnummeret ditt øvst i meldingsfeltet. Dersom du har endra namn eller fødselsnummer sidan du hadde sak hos PPT, må du opplyse om både nytt og gamalt namn og fødselsnummer.
Vidare må du opplyse om kva førespurnaden gjeld, for eksempel:
- kopi av stadfestingar vi tidlegare har skrive
- kopi av kartleggingar PPT i Sunnfjord kommune har gjort av deg
- kopi av sakkunnig vurdering
- anna (spesifiser kva du ønskjer)
Om du opplyser om kva du skal bruke dokumenta til, kan vi lettare finne rette dokument til deg.
Dokumenta blir sende elektronisk til di digitale postkasse (digipost, e-Boks eller Altinn) eller som brev til di folkeregistrerte adresse.
Dersom ein instans skal hente inn dokumentasjon på dine vegne, må dei legge ved eit samtykke med signaturen din.
Vi behandlar førespurnaden din så raskt som råd, men det kan likevel ta litt tid. Send oss derfor førespurnaden i god tid dersom du treng stadfesting frå oss til prøver, eksamenar og liknande.