SLT - Samordning av Lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande Tiltak

SLT er ein Samordningsmodell for Lokale, førebyggande Tiltak mot rus og kriminalitet. SLT sikrar at dei ressursane som alt finst hjå kommunen og politiet, blir meir samkøyrt og målretta. Arbeidet er forankra politisk og administrativt gjennom politirådet.

Målet er at barn og unge i Sunnfjord kommune skal få rett hjelp til rett tid, av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av etatar og faggrupper. Modellen skal sørge for å koordinere kunnskap og ressursar mellom politi og relevante kommunale einingar. Også næringsliv og frivillige organisasjonar høyrer med i dette nettverket.

Ungdomsråd og elevråd ved kommunen sine ungdomsskular  og vidaregåande skular blir orientert om SLT arbeidet, og får høve til å komme med innspel.

Fortløpande evaluering av arbeidet blir gjort av dei ulike nivåa i SLT- modellen. SLT-arbeidet skal samordne og koordinere dei ulike tiltaka og bidra til kunnskapsutvikling, kunnskapsoverføring og informasjon.

Sentrale aktørar i SLT-arbeidet:

  • SLT-koordinator: Lillian Vassbotten 
  • Politikontakt: Odd Helge Vågseth 
  • Utekontakt: Tove Nedrebø 
  • Ungdomskoordinator: Eli Britt Danielsen 

SLT plan for Sunnfjord kommune