Home-start familiekontakten
Home Start Familiekontakten (HSF) tilbyr hjelp og støtte til familiar som ønskjer det, og som har minst eitt barn under skulealder. Hjelpa blir ytt av frivillige familiekontakter som kjem heim til familien ein gang i veka, 2-4 timar kvar gang, i ein periode på om lag 6 månader.
Arbeidet blir leia av ein koordinator.
Du kan stole på familiekontakten:
- Alle som ønskjer å bli familiekontakt må ta del på førebuingskurs. Kurset strekkjer seg over 20 timar (6 samlingar)
- Familiekontakten har teieplikt
- Familiekontakten leverer politiattest
Kva familiar kan få hjelp:
- Familiar med minst eitt barn under skulealder
- Familiar som sjølv ønskjer det
- Familiar som opplever ulike utfordringar i kvardagen
Ønskjer du hjelp og støtte frå HSF? Ønskjer du å bli familiekontakt?
Ta kontakt med koordinator HSF Sunnfjord: Inger Cesilie Fitje
Home-Start Familiekontakten