Evnerike elevar
I veileder - tilrettelegging for barn og elevar med stort læringspotensial står det mellom anna: "Alle elever skal oppleve at deres læringspotensial verdsettes, og opplæringen skal tilpasses evnene og forutsetningene til den enkelte eleven. Selv om elever med stort læringspotensial i utgangspunktet er godt rustet til å prestere bra på skolen, skjer ikke dette uten at de blir identifisert og anerkjent av lærere, har et trygt læringsmiljø og får utfordringer på sitt nivå" ( sitat frå veileder - tilrettelegging for barn og elever med stort læringspotensial).
Elever med stort læringspotensial er ei samansett gruppe individ med ulike undervisnings- og utviklingsbehov, og dei er like ulike som andre barn og unge.
Omgrepet elever med stort læringspotensial omfattar både dei elevane som presterer på høgt og avansert nivå, og dei
elevene som har eit potensiale for å gjere dette.
Nokre kjenneteikn for elevgruppa er at dei trivast best i eit stimulerande og utfordrande læringsmiljø med mange varierte aktiviteter og handlingsmogelegheiter.
Gjeldande lovverkt gir ingen individuelle rettar for elevar med stort læringspotensial, men regelverket gir skulane pliktar og mogelegheiter til å tilrettelegge. Pedagogisk differensiering handlar om at læraren tilpassar innhaldet, arbeidsprosessen eller produktet til elevane sitt potensial, motivasjon og kunnskapsnivå og til elevane sine ulike måtar å lære på.
Veileder - tilrettelegging for barn og elever med stort læringspotensial