Overføring av informasjon mellom barneskule og ungdomsskule
Nokre elevar går på same skule gjennom heile grunnskulen, mens andre bytter skule når dei skal byrje på ungdomsskulen. Det er nokre elevar som bytter skule mellom 5. klasse og 6. klasse. Det vil vere same rutine i overgangen for desse elevane som mellom barneskule og ungdomsskule.
Kommunen har utarbeidd eit årshjul/plan for å sikre ein god overgang mellom barnehage og skule:
- Foreldre skal samtykke til informasjonen som blir gitt til ny skule
- For elev med spesialundervisning blir overføring av informasjon starta hausten før skulestart
- Det blir vurdert og lagt ein plan for korleis overgangen til ny skule bør vere for den enkelte eleven
- Vinteren før nytt skuleår kallar rektor frå avgjevarskule inn til eit overføringsmøte der eleven, foreldre, avgjevar- og mottakarskule deltek
- Nytt møte i perioden mai-juni om endringar det er behov for å ta omsyn til, eleven, foreldre, avgjevar- og mottakarskule deltek
Vedtak om spesialundervisning i overgangen
- Elevar som har spesialundervisning på barneskulen skal ikkje starte på ungdomsskulen med vedtak
- Ungdomsskulen skal først prøve ut tiltak innanfor det ordinære opplæringstilbodet
- Tiltaka som blir sett inn skal evaluerast for å vurdere om behovet til eleven har endra seg
- Dersom det blir konkludert med at det er behov for spesialundervisning skal ungdomsskulen ha dialog med foreldre/elev og PPT
- I dialogen blir det vurdert om det skal tilvisast PPT for sakkunnig vurdering
Plikta til å prøve ut tiltak før tilvising til PPT gjeld ikkje i dei tilfella der det etter skulen si vurdering er openbert at tiltak innanfor det ordinære opplæringstilbodet ikkje vil føre til at eleven får eit tilfredsstillande utbytte. I desse tilfella skal det vere dialog mellom foreldre/elev, PPT og skule før tilvising.
Dette kan også vere aktuelt ved ein eventuell overgang frå ein barne- eller ungdomsskole til ein annan skule.
Mål ved overgang:
- Sikre tidleg innsats for elevar med spesialundervisning
- Det skal vere ein trygg overgang for elev og foreldre
- Elev og foreldre skal ha medverknad i prosessen
- Skulen skal vere godt førebudd til å ta i mot din elev
Avgjevarskulen har ansvar for å sende informasjonen som er avtalt med foreldre til mottakarskulen