Kompetanseteam i barnehage:
Kompetanseteamet for barnehagesektoren er eit team organisert under Pedagogisk-Psykologisk teneste (PPT) i Sunnfjord kommune. Kompetanseteamet rettleiar i endringsprosessar knytt til barnehagetilsette sine haldningar, kunnskapar og ferdigheiter. Rettleiing kan skje både på individ- og systemnivå.
Kompetanseteamet gir rettleiing i høve barn som har vedtak om spesialpedagogisk hjelp etter barnehagelova § 31. Kompetanseteamet sitt rettleiingsarbeid inngår også i det ein i barnehagelova § 33 beskriv som kompetanse - og organisasjonsutvikling.
Målet for endringsprosessane kan vere
- Sosial-, emosjonell-, kognitiv- og/eller språkutvikling hos
- Enkeltbarn (individ)
- Grupper av barn (system)
Før kompetanseteamet kan starte rettleiingsarbeid må barnehagen få samtykke av barnet sine føresette.
Kompetanseteam i skule:
Kompetanseteamet for skulesektoren er eit team organisert under Pedagogisk-Psykologisk teneste (PPT) i Sunnfjord kommune. Kompetanseteamet er nyetablert og under oppbygging.
Det er 2 fagfelt i kompetanseteamet:
- Logoped - 1 årsverk
- PMTO - terapeut - 0,5 årsverk
Oppgåvene til Logoped:
- Følge opp elevar som har vedtak om logopedi
- Har kontakt med skulane når det er behov
- Rettleiing
- Følge opp individsaker
- Treng samtykk frå foreldre/elevar for å starte kartlegging
PMTO:
- PMTO er ein metodikk som er eit lågterskeltilbod til foreldre som har barn med åtferdsproblem
- TIlbodet er for familiar med barn i alderen 3-12 år
Målet med arbeidet til PMTO - terapeuten:
- Målet er at foreldra og barnet skal gjennoopprette ein positiv relasjon
- opposisjonell åtferd skal reduserast, og positiv utvikling skal fremmast
PMTO