Slik søker du barnehageplass:
- Du søker alle barnehagar i Sunnfjord kommune, kommunale og private i Visma flyt barnehage.
- Har barnet ditt rett til prioritet ved opptak må du legge ved dokumentasjon frå lege, barnevern, helsestasjon, PPT eller andre institusjonar. Vedlegga kan du laste opp i Visma flyt barnehage eller sende per post til: Sunnfjord kommune, postboks 338, 6802 Førde.
- Søknadsfrist til hovudopptaket 25/26 er 4. april
- Søker du plass utanom hovudopptaket kan du søke heile året.
Søk om barnehageplass i Sunnfjord kommune
Endring av type plass
Frist for endring av type plass er 15. februar. Gjeld dei som har barnehageplass men vi auke eller redusere plassen.
Har du spørsmål?
Kor tid får du svar på tilbod om barnehageplass?
Du får svar i løpet av april månad om du har søkt innan fristen 4. april. Søker du etter fristen blir barnet sett på venteliste og tatt med i det vidare opptaket. Du svarar på tilbodet om barnehageplass i Visma flyt barnehage der du søkte barnehageplass.
Svar på tilbud om barnehageplass
Rett til plass i barnehage?
- Barn som fyller eitt år innan utgangen av november
- Det må vere søkt om plass innan fristen 4. april
- De må vere busett i kommunen når barnet begynner i barnehagen.
Kva skjer om du ikkje får plass i barnehagar du har prioritert?
Du vil få tilbod om plass i ein annan barnehage dersom barnet ditt har rett til plass. Du har då to val:
- Du kan takka ja til plass og samtidig stå på venteliste til høgare prioritert barnehage
- Du kan takka nei til plass og stå på venteliste til høgare prioritert barnehage
Byte av barnehage
Du kan søkje om byte til ein annan barnehage. Søker du om byte vil barnet automatisk få tilbod om overføring, om barnehagen du søker til får ledig plass. Når du får tilbod om overføring til ny barnehage er den tidlegare plassen automatisk sagt opp. Husk at søknad om byte er bindande.
Oppseiing av barnehageplass
Det er tre månadar oppseiingstid, det vil seie oppseiingsmånaden pluss to følgande månadar. Seier du til dømes opp i løpet av november, gjeld oppseiinga november, desember og januar. Seier du opp etter 1. mai må du betale for plassen ut barnehageåret. Ta kontakt med barnehagen om du vil seie opp plassen. Private barnehagar har eigne rutinar for oppseiing, dette finn du informasjon om i den aktuelle barnehagen sine vedtekter.
Ja, men det er ikkje sikkert du får tilbod om oppstart når du ønsker. Du vil få tilbod når det er ledig plass til barnet ditt, seinast den månaden barnet har lovfesta rett til plass.
Barn som fyller eitt år innan utgangen av august det året det blir søkt om barnehageplass for har rett til å få plass frå august.
Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november det året det blir søkt om barnehageplass har rett rett til plass innan utgangen av den månaden barnet fyller år.
Du må ha søkt om barnehageplass for å kunne få tildelt plass.
Dei fleste barn vert prioritert etter alder, og barnehagane prioriterer barn som har søsken i same barnehage. Nokre grupper har prioritet ved opptak i alle barnehagane:
- Barn som har nedsett funksjonsevne.
- Barn som har vedtak etter lov om barneverntenester.
- Alder, eldste barn vert prioritert først.
Dei kommunale barnehagane har vedtekter om opptakskriteria (PDF, 348 kB).
Merk deg at dei private barnehagane har eigne opptakskriteria.
Søker du om prioritering ved opptak må det leggast ved dokumentasjon av nyare dato frå sakkunnig instans som til dømes barnevern, helsestasjon, lege eller PPT. I dokumentasjonen skal det gå klart fram kvifor barnet har særleg behov for barnehageplass.
Ved hovudopptaket kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan òg klage dersom du ikkje får oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt. Ved supplerande opptak kan berre søkarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du fekk vedtaket. Klaga sender du til Sunnfjord kommune, postboks 338, 6802 Førde.
Dersom kommunen finn at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal barnet få tilbod om første ledige plass etter at barn med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klageutvalet i kommunen, som er klageinstans. Sjå også Forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehagen.