Kvalitet i barnehagenVi har gode barnehagar i Sunnfjord kommune. For å halde oppe god kvalitet, veit vi at vi må jobbe hardt heile tida. Målet vårt er at du alltid skal kjenne deg godt og respektfull ivareteken som barn og føresett i Sunnfjordbarnehagen. Inkluderande barnehage- og skulemiljø Barnehagane i Sunnfjord kommune deltek i kompetanseheving for alle tilsette knytt til inkluderande barnehage- og skulemiljø, der målet er å førebygge, avdekke og handtere mobbing og krenking. I barnehagene skal alle barn oppleve eit trygt og godt leike- og læringsmiljø. Eit leike- og læringsmiljø som fremjar helse, trivsel, tryggleik og læring. Du kan lese meir om inkluderande barnehage- og skulemiljø på Utdanningsdirektoratet sine nettsider Mobbeombodet i Vestland Barnehagefakta Barnehagefakta presenterer relevant og påliteleg informasjon om norske barnehagar, og er primært retta mot foreldre som ønsker å orientere seg i barnehagetilbodet før dei skal søke barnehageplass. Her kan du søke opp barnehagefakta for barnehagane i Sunnfjord kommune Planar og lovverk Alle barnehagar må følge nasjonale lover og planar. Kommunale barnehagar må også følge lokale planar. Private barnehagar har eigne planar og vedtekter. Nasjonale lover og planar Barnehagelova Rammeplan for barnehagen Rettleiar: Frå eldst til yngst Forskrift om miljøretta helsevern Rettleiar til forskrift om miljøretta helsevern Lokale planar og vedtekter Plan for overgang mellom barnehage, skule og SFO Vedtekter for kommunale barnehagar (PDF, 115 kB) Kvar barnehage har eigne årsplanar, sjå den enkelte barnehage si nettside Klage på barnehage Du kan klage om du er misnøgd med tilbodet i barnehagen. Slik klagar du: Ta problemet opp med styraren i barnehagen først. Gjeld det generelle tilhøve kan du også ta det opp med barnehagen sitt samarbeidsutval. Ønsker du å gå vidare med din klage eller bekymring, kan du ta kontakt med Sunnfjord kommune. Får du ikkje medhald i klagen din til kommunen er Fylkesmannen siste klageinstans. Sist endra 18.10.2022 10.56