Praktisk informasjon Ytre Hafstad barnehage

Opningstid

Barnehagen opnar klokka 07.00 og stenger klokka 16.30.

Måltid

Barnehagen har tilbod om frukost, lunsj og fruktmåltid. Vi ynskjer at dei som skal ete frukost i barnehagen er komen til 8.30. Foreldre betaler matpengar og kostpris blir fastsett i samråd med samarbeidsutvalet.

Klede 

Klede må vere merka med namn, og alle må ha klesskifte frå inst til yst.

Barnet må ha dette i barnehagen:

  • klede som er gode å ha på, toler aktivitet og som toler å bli skitne
  • kleskift 
  • regnklede
  • dress og varme klede om vinteren

Sjekk garderobehyllene både i inner- og yttergarderobe ved henting, og ta med skitne klede heim til vask. Våte ytterkle vert hengt på tørkerommet.

Foreldre har ansvar for å halde orden på garderobeplassen til barnet.

Informasjon på ulike språk om klede - NAFO

Sjukdom 

Barna må vere heime når dei er sjuke.

Ved oppkast og diare må barnet vere heime 48 timar etter siste oppkast/diare.

Vi følgjer folkehelseinstituttet sine anbefalingar.

Barnehage og smittervern - Folkehelseinstituttet 

For å redusere smitte i barnehagekvardagen ynskjer vi at foreldre hjelp barna å vaske hender både når de kjem om morgonen, og når de hentar barna. 

Bringe og hente

Ein i personalet møter barn og føresette om morgonen. På grunn av utflukter og  fellesaktivitetar er det ynskjeleg at barnet kjem innan kl 9.30.

Gje beskjed innan kl 9.30 dersom barnet er sjuk, skal ha fri eller skal kome seinare på dag.

Dersom barnet vert henta av andre enn dykk som har den daglege omsorga, må personalet ha melding om det.

Tilvenning 

 

Kontakt

Profilbilde av Jorunn Liv Kleiven
Jorunn Liv Kleiven
Einingsleiar Ytre Hafstad barnehage
E-post
Telefon 57 02 12 01
Mobil 90 91 92 13

Opningstider

07.00–16.30

Adresse

Besøksadresse:
Øvre Kleivane 1
6800 Førde

Postadresse: 
Ytre Hafstad barnehage
Postboks 338
6802 Førde