Om Ytre Hafstad barnehage

Ytre Hafstad barnehage er plassert under Hafstadfjellet, med Kulpen og Halbrendsfossen som nærmaste nabo. Barnehagen har lett tilkomst til naturen. Skogen ligg ein kort spasertur unna, og leikeplassane i nærområdet blir ofte nytta som turmål. Flatene skule er like ved barnehagen, og det er også kort veg til kulturtilbod i Førde sentrum.

Om barnehagen

Barnehagen har fire avdelingar:

  • Fossen: småbarnsavdeling for barn frå 1-3 år  
  • Kulpen: aldersblanda avdeling for barn frå 1-4 år
  • Fjellet: aldersblanda avdeling for barn frå 2-4 år
  • Skogen: avdeling for førskulebarna

Avdelingane har namn etter nærmiljøet vårt: Fossen, Kulpen, Fjellet og Skogen. På Skogen møtest alle dei eldste barna frå Kulpen og Fjellet til ei felles avdeling siste året før skulestart. Barna får såleis bli godt kjende med kvarandre før dei tek til på skulen. 

Personalet i barnehagen

I personalgruppa har vi både kvinner og menn, og vi har tilsette frå ulike aldersgrupper. Vi har barnehagelærarar i alle leiarstillingar, fagarbeidarar og assistentar med lang erfaring, og vi har ein tilsett som er barnevernspedagog. Assisterande styrar har master i spesialpedagogikk, og ho nyttar halve stillinga som spesialpedagogisk koordinator. 

Satsingsområde

Barnehagen har fokus på språk, sosial kompetanse og inkluderande miljø. Aktivitetar som fremjar barna si språkutvikling og utvikling av sosial kompetanse og fellesskap, er prioritert i arbeidet på alle avdelingar. Personalet ynskjer å skape ein god kvardag for kvart einskild barn. Vårt mål er trygge barn som trivest og får gode vilkår for læring og utvikling!

Små glimt frå barnehagen

Kontakt

Profilbilde av Jorunn Liv Kleiven
Jorunn Liv Kleiven
Einingsleiar Ytre Hafstad barnehage
E-post
Telefon 57 02 12 01
Mobil 90 91 92 13

Opningstider

07.00–16.30

Adresse

Besøksadresse:
Øvre Kleivane 1
6800 Førde

Postadresse: 
Ytre Hafstad barnehage
Postboks 338
6802 Førde