Barn og foreldre har medverknad i Vieåsen barnehage.
Barn sin medverknad:
Barna skal i fellesskap med personalet planlegge og vurdere barnehagekvardagen. Personalet skal legge til rette for at barna får høve til å medverke og vi skal vere tydelege på kva endringar barna har medverka til. Personalet skal lytte, sjå og gje barnet tid til å fortelje. Vi bekreftar barna sine initiativ og intensjonar. Men det er personalet som er ansvarlege for innhaldet i barnehagen.
Foreldremedverknad:
Foreldra får medverke til innhaldet i barnehagen gjennom foreldre representanten på avdelinga. Vi har brukarundersøking kvart andre år som legg grunnlag for vidare drift. Ellers har vi foreldremøte, foreldresamtaler og dagleg kontakt i hente og bringesituasjonar.
Sist endra 26.01.2026 14.07