Barnehagen ligg fint til i Vieåsen, der er sol heile året. Vi har eigen naturleikeplass, grillhytte, leikehytter og ulike naturleikar - veldig flott og populært område.
Barnehagen sitt nærmiljø
Vi har fotballbane og sykkelbane rett ved barnehagen. I tillegg har vi gymsal. Dagsturhytta Gytta ligg i vårt nærområde, det er populært turmål for barna.
Fagleg forankring:
- Tryggleiks-sirkelen: Personalet har opplæring i å regulere barnet sine følelsar, hjelpe dei til å bli trygge og skape gode relasjoner. Dei vaksne skal vere større,.strekare og klokare på ein god måte.
- Mitt val: er eit program i sosial læring og utvikling. Fokuset er å øve på ferdigheiter som ein treng for å være ilag med andre og å ta vare på seg sjølv. Bamsen Leo er ein viktig del av programmet – Leo snakkar gjennom den vaksne og får barna til å reflektere og gjere ulike aktivitetar.
- Språk: Prosjektet skal sikre tidleg og god språkutvikling for barna i Vieåsen barnehage.
Frå barnet startar som eitt åring til det går ut av Vieåsen barnehage, skal barna møte eit stimulerande språkmiljø. Språkarbeidet skal bli meir systematisk gjennom at vi har gode verktøy for språkinnlæringa og personalet skal ha nok kunnskap. - Fysisk aktivitet: Barnehagen legg vekt på at barna blir motivert for fysisk aktivitet både inne og ute i barnehagen. Vi har veldig flott nærområde der barna får utfalde seg i akebakke, gå i motbakkar til dagsturhytta Gytta, klatre i tre og utforske naturen. Inne har vi gym-kjellar der barna får gode høve til motorisk trening. Det same gjeld inne på småbarnsavdelingane, med ribbevegg, stepp og matter. Fysisk aktivitet har stor innverknad på anna læring for barnet.
Bemanning:
- 6 årsverk pedagog, 3 årsverk fagarbeider og 5 årsverk assistent.
- 100% einingsleiar
- 50% assisterande einingsleiar
Avdelingar:
- Tommeliten: alder 0-3 år
- Veslefrikk: alder 0-3 år
- Tussero: alder 3-6 år
- Askeladden: alder 3-6 år
Sist endra 14.01.2025 15.47