Om Vie barnehage

Velkommen til Vie barnehage – visjonen vår er «ei hand å halde i». Her skal alle barn og foreldre/føresette bli møtt av engasjerte, aktive, anerkjennande, inkluderande og nære vaksne. I barnehagen skal det etablerast gode relasjonar, som fremmar positivt sjølvbilde, trivsel og læring.

Informasjon om barnehagen

Vie barnehage opna hausten 1979, men blei renovert i 2008. Vi har ein stor og flott barnehage, som ligg i eit solrikt område nær sjukehuset, Slåtten skule og flotte friluftsområder. 

Barnehagen har seks avdelingar fordelt på tre hus

  • Trollungane har plass til inntil 9 barn (0-3 år).
  • Knøttane har plass til inntil 9 barn (0-3 år).
  • Mikke har plass til inntil 9 barn (0-3 år).
  • Langbein har plass til inntil 18 barn (3-6 år).
  • Ole Brumm har plass til inntil 18 barn (3-6 år).
  • Knoll & Tott har plass til inntil 18 barn (3-6 år).

Hovedfokus for arbeidet vårt

I Vie barnehage skal personalet ivareta barna sitt behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for ei allsidig utvikling.

  • Omsorg skal skape tryggleik og alle barn skal bli møtt ut i frå individuelle behov. 
  • Leiken skal ha sentral plass og barna skal ha det kjekt. Leik er barn sin viktigaste læringsarena og barnehagen legg stor vekt på at barn skal få leike. I leiken lærer barna å samarbeide, løyse konflikt, utvikle sosial kompetanse, øvd på nye ord, uttrykk og på turtaking.
  • Læring; alle barn i Vie barnehage skal få oppleve meistring. Vaksne skal støtte, rose og hjelpe barna slik at dei kan meistre ulike utfordringar. 
  • Danning; I barnehagen skal barna få vere nysgjerrige og medverke. Dei skal få oppleve samhald og solidaritet samtidig som individuelle utrykk og handlingar skal verdsetjast og følgast opp.

Tilrettelagte aktivitetar

Kvardagen vår består av mykje kjekt og spanande, og her er nokre av dei tilrettelagte aktivitetane som ein får vere med på i løpet av eit barnehageliv hos oss.

  • Leikegrupper: Alle avdelingane deler barnegruppa i mindre grupper. Då får alle barn samspelserfaring med andre barn og vaksne. Vi sikrar at alle barn blir sett og høyrt når vi deler i grupper.
  • Bading: Frå barna er 4 år tilbyr vi bading i Førdehuset. Vi har utdanna symjeinstruktørar som har opplegg med barna. Målet er at barna skal bli trygge i vatn.
  • Førskulegruppe har vi det siste året barnet går i barnehagen. Då har vi fleire turar i nærmiljøet (banken, sjukehuset, brannstasjonen) og barna får erfaring med å jobbe med ulike oppgåver.
  • Turar: Både liten og stor avdeling går ein del på tur i nærmiljøet. Turane går til slåtten skule, sjukehusparken, dagsturhytta, leikeplassar i nærmiljøet, biblioteket t.d. Vi disponerer eit område på Tefre som vi kallar «barnehageskogen». Her har vi ein naturleikeplass med mellom anna disse, bålplass, gapahuk og zipline.

Kontakt

Profilbilde av Ann Renate Helgås
Ann Renate Helgås
Einingsleiar
E-post
Telefon 57 61 28 46

Opningstider

07.00–16.30

Adresse

Besøksadresse:
Hatlehaugen 1 A
6812 Førde

Postadresse: 
Vie barnehage
Postboks 338
6802 Førde