Sunnfjord kommune

Praktisk informasjon

Praktisk informasjon

PLANLEGGINGSDAGAR  2020-21

  • Fredag  14.august 2020
  • Fredag 13.november 2020
  • Måndag 25.januar 2021
  • Fredag 12.mars 2021
  • Fredag 18.juni 2021

Desse dagane er barnehagen stengd.

DAGSRYTME 

  • Barnehagen opnar kl. 07.00, og vi har roleg aktivitet på morgonen
  • Frukost  frå kl. 07.15-08.45; vi servere brød/graut eller gryn
  • Morgonsamling kl. 09.00, og deretter deler vi barna inn i små grupper med faste vaksne. Aktivitane er både ute og inne.                                           
  • Føremiddagsmat i R7 er frå kl. 10.45, og i R3/R5 frå kl. 11.30.
  • Etter måltid får barna dekka sitt behov for å sove/kvile/roleg aktivitet   
  • Frukt og knekkebrød ca kl. 14.30        
  • Leik ute eller inne fram til henting, barnhagen stenger kl. 16.30                             

TILVENJING AV NYE BARN

  • Barnet vil få ein fast vaksen som har særleg ansvar for barnet den fyrste tida i barnehagen.
  • For at personale skal kunne gje kvart einskild barn den omsorg dei treng i tilvenjinga, er det naudsynt at dei nye barna begynner på ulike dagar. Derfor vert dato for oppstart fordelt utover dei første vekene etter nytt barnehageår.
  • Det har stor betydning for den framtidige kontakten mellom barnet og personalet at tilvenjinga er basert på tillit og god informasjon. Vi ser gjerne at foreldra set av minimum 3 dagar til tilvenjing. Den fyrste dagen er det naudsynt at foreldra er i barnehagen heile dagen. I samråd med personalet kan ein avtale om ein vil forlate barnehagen for ei tid dei neste dagane. Om det er mogeleg kan det vere godt for barnet å ha korte dagar i byrjinga.
  • Barnet skal vite når mor/far går og at dei kjem att. At barnet gret når du går er ein vanleg reaksjon. Barnet skal lære at du skal gå, og at du kjem igjen. Det er difor viktig at du går når du har sagt ha-det. Lag trygge rutinar og gjer det på ganske lik måte, slik at barnet blir trygt.

MÅLTID

  • Barna får mat, mjølk og frukt i barnehagen. Har barnet ditt allergi eller matinntoleranse? Gje beskjed på helseskjema og direkte til personalet. 

BRINGING - HENTING

  • Foreldre følger barnet opp trappa, og blir møtt av ein vaksen i grinda. Det er viktig at foreldra informerer personalet  om det er viktige beskjedar. Morgonsamlinga byrjar kl. 09.00, dersom de kjem seinare enn dette - så gje oss beskjed på telefon eller sms til avdelinga.
  • Når de hentar barnet, skal dei vaksne dele informasjon om "dagen i dag".  Viktige beskjedar og god kontakt er med på å siker eit godt samarbeid. 
  • Dersom det hender at de ein morgon kjem til lukka avdeling, kan de levere barnet på ei anna avdeling. 

KLEDE

  • Alle kleda må vere merka med namn, og alle må ha klesskift frå inst til ytst. Ta med regnklede kvar dag, sjølv om det er sol om morgonen.
  • Det er viktig at barnet har klede som toler å bli skitna til, og gode å ha på. Sjekk garderobehyllene ved henting og ta med skitne og våte klede heim til vask. Det er foreldra sitt ansvar å halde orden på garderobeplassen til barnet.

SAMARBEID

  • For å leggje tilhøva best mogeleg til rette for barnet, er det naudsynt med eit godt samarbeid mellom heim og barnehage. Det er viktig å ha god kontakt og open dialog i det daglege.
  • Kvar haust vert det halde foreldremøte. Foreldresamtaler vert det gjeve tilbod om kvar haust og vår, og ved behov etter avtale med pedagogisk leiar. Andre samarbeidsformer er dugnad, foreldrekaffi og festar.

OPPSLAGSTAVLA

  • Alle foreldre må halde seg oppdatert ved å følgje med på oppslagstavla. I tillegg blir informasjon sendt ut på e-post.

SJUKDOM

Barna må vere heime når dei er sjuke.

  • eit sjukt barn treng kvile og omsorg heime
  • sjuke barn smittar andre, noko som igjen går ut over andre barn og foreldre

Les meir på Folkehelseinstituttet om kor tid barnet bør vere heime frå barnehagen

MI BOK

  • Alle barna har "Mi bok". Dette er ein perm der vi samlar minne frå barnehagetida. Vi ynskjer at foreldra tek med ein perm til barnet når det byrjar i barnehagen, og også gjerne nokre bilete av barnet, foreldre, sysken e.l.

GEBURSDAGSFEIRING

  • Når barnet har gebursdag markerer vi  dagen med gebursdagssamling, krone og flagg.

Opningstider

07.00–16.30

Adresse

Besøksadresse:
Runnen 5
6812 Førde

Postadresse: 
Tusenfryd barnehage
Postboks 338
6802 Førde