Praktisk informasjon

Dagsrytme

  • Barnehagen opnar kl. 07.00, med roleg aktivitet om morgonen.
  • Frukost  frå kl. 07.15-08.45; barna har med niste til frukost.
  • Morgonsamling kl. 09.00, og deretter deler vi barna inn i små grupper med faste vaksne. Aktivitetane er både ute og inne.                                           
  • Føremiddagsmat i R7 er frå kl. 11.00, og i R3/R5 frå kl. 11.30.
  • Etter måltid har vi soving/kvilestund/roleg aktivitet. 
  • Frukt og knekkebrød ca kl. 14.00.       
  • Leik ute eller inne fram til henting, barnehagen stenger kl. 16.30.                             

Tilvenjing av nye barn

  • Barnet får ein fast vaksen som har særleg ansvar for barnet den første tida i barnehagen.
  • For at kvart einskild barn skal få den omsorga dei treng i starten,er det nødvendig at dei nye barna begynner på ulike dagar. Dato for oppstart vert derfor fordelt utover dei første vekene etter nytt barnehageår.
  • Det har stor betydning for den framtidige kontakten mellom barnet og personalet at tilvenjinga er basert på tillit og god informasjon. Vi ser gjerne at foreldra set av minimun 3 dagar til tilvenjing. Den fyrste dagen må foreldra vere i barnehagen heile dagen. I samråd med personalet kan ein avtale om ein vil forlate barnehagen for ei tid dei neste dagane. Om det er mogeleg kan det vere godt for barnet å ha korte dagar i starten.
  • Barnet skal vite når mor/far går og at dei kjem att. At barnet græt når du går er ein vanleg reaksjon. Barnet skal lære at du skal gå, og at du kjem att. Det er difor viktig at du går når du har sagt ha det. Lag trygge rutinar og gjer det på ganske lik måte, slik at barnet blir trygt.

Måltid

  • Dei som skal ete frukost i barnehagen, må ta med niste.
  • Barna får mat, mjølk og frukt til lunsj i barnehagen.
  • Har barnet ditt allergi eller matinntoleranse? Gje beskjed på helseskjema og direkte til personalet. 

Bringing - henting

  • Foreldre følger barnet opp trappa, og blir møtt av ein vaksen i grinda. Det er viktig at foreldra informerer personalet om det er viktige beskjedar. Morgonsamlinga begynner kl. 09.00, dersom de kjem seinare enn dette, gje beskjed til avdelinga.
  • Når de hentar barnet, skal dei vaksne dele informasjon om "dagen i dag".  Viktige beskjedar og god kontakt er med på å sikre eit godt samarbeid. 
  • Dersom det hender at de kjem til lukka avdeling, kan de levere barnet på ei anna avdeling. 

Klede

  • Alle kleda må vere merka med namn, og alle må ha klesskift frå inst til ytst. Ta med regnklede kvar dag, sjølv om det er sol om morgonen.
  • Det er viktig at barnet har klede som toler å bli skitna til, og gode å ha på.
  • Våte kle må foreldra ta med heim til tørk. Skitne kle må vaskast heime.
  • Det er foreldra sitt ansvar å halde orden på garderobeplassen til barnet.

Samarbeid

  • For å legge tilhøva best mogeleg til rette for barnet er det nødvendig med eit godt samarbeid mellom heim og barnehage. Det er viktig å ha god kontakt og open dialog i det daglege.
  • Kvar haust er det foreldremøte.
  • Vi gir tilbod om foreldresamtaler kvar haust og vår, og ved behov etter avtale med pedagogisk leiar.
  • Andre samarbeidsformer er dugnad, foreldrekaffi og festar.

Oppslagstavla

  • Alle foreldre må halde seg oppdatert ved å følgje med på oppslagstavla. I tillegg blir informasjon sendt ut på e-post og i Visma.

Sjukdom

Barna må vere heime når dei er sjuke.

  • Eit sjukt barn treng kvile og omsorg heime.
  • Sjuke barn smittar andre.
  • Foreldre melder ifrå til barnehagen når barnet er sjuk og må vere heime. 

Les meir på Folkehelseinstituttet om kor tid barnet bør vere heime frå barnehagen

Min perm

  • Alle barna har "Min perm". Dette er ein perm der vi samlar minner frå barnehagetida. Vi ynskjer at foreldra tek med ein perm til barnet når det begynner i barnehagen, og gjerne nokre bilete av barnet, foreldre, sysken e.l.

Gebursdagsfeiring

  • Når barnet har gebursdag markerer vi dagen med gebursdagssamling, krone og flagg.

Kontakt

Profilbilde av Elin Røyseth
Elin Røyseth
Einingsleiar Tusenfryd barnehage
E-post
Telefon 57 61 28 41
Mobil 91 59 74 83

Opningstider

07.00–16.30

Adresse

Besøksadresse:
Runnen 5
6812 Førde

Postadresse: 
Tusenfryd barnehage
Postboks 338
6802 Førde