Sunde barnehage ligg landleg til på Sunde, ca. 5 kilometer frå Førde sentrum. Barnehagen var ny september 2009 og ligg som nærmaste nabo til Sunde skule. Området rundt barnehagen og skulen er tilrettelagt som eit nærmiljøanlegg. Vi har stor uteleikeplass og gode turmuligheter.
Opningstider
Mandag - fredag: 07.00 - 16.30
Barnehagen har 4 avdelingar
- Raud og Gul avdeling - barn 1 - 3 år
- Lysegrøn og Mørkegrøn avdeling - barn 4 - 6-år
Fokusområde
- Tryggleik - stabile og nære vaksne i tilvenninga
- Leik og språk - skape gode relasjonar, sosial kompetanse og vennskap.
- Overgangar - sikre god overgang mellom heim og barnehage, internt i barnehagen og frå barnehage til skule
- Livsmeistring - om å tole å bære sin eigen bagasje
- Inkluderande barnehage - nulltoleranse for mobbing, førebygge utestenging og krenking
Alt dette handlar om tidleg innsats. God og tidleg gjennsidig dialog mellom foreldre og tilsette. Tett dialog med eksterne instansar når det er naudsynt. Samarbeid til beste for barnet!
Sist endra 10.02.2025 15.11