Om Solsida Haugum og Solsida Toene barnehage

Solsida barnehage har sju avdelingar fordelt på to adresser, Solsida Haugum og Solsida Toene.  

  • Solsida Toene barnehage har fire avdelingar. Det nye barnehage bygget stod ferdig i 2018 og erstatta gamle "Husmorhuset".  
  • Solsida Haugum barnehage har 1,3 avdelingar, og er vedtatt nedlagt frå hausten 2026.  Barnehagen var ferdig renovert i 2015. 

Visjonen vår: Alle skal ha ein ven

Slik jobbar vi for å realisere visjonen vår:

  • Vi jobbar med at barna skal lære og forstå empati og følelsar,  mellom anna ved å setje ord på følelsar, gjenkjenne dei ulike følelsane, lære seg å kjenne andre sine stoppsignal og lære å forstå andre sine følelsar. 
  • Vi jobbar i samling ved at barna øver seg på å vere i fokus i ei gruppe, tore å ta ordet,  avgrense det ein vil fortelje, halde fokus og konsentrere seg.
  • Vi jobbar med ”eg”-utvikling ved at barna øver på å ta positiv kontakt med andre, seie frå kva dei vil og ikkje vil, spørje om lov, lage avtalar, halde avtalar og løyse konflikter. 
  • Under måltidet jobbar vi med å vente på tur, sende til kvarandre, regulere stemma, snakke med dei som sitt nærmast, dekke på bord, rydde etter seg og halde armar og bein på eigen plass.
  • Ved påkledning jobbar vi med sosial kompetanse ved at barna lærer å vente på tur og be om hjelp.
  • Vi seier hei eller god morgon når vi kjem, og hadet når vi går heim.

 

Små glimt frå barnehagen vår

Kontakt

Profilbilde av Elin Hagen
Elin Hagen
Einingsleiar
Telefon 57 72 44 43
Mobil 97 19 11 55

Opningstider

07.00–16.30

Adresse

Besøksadresse
Solsida Toene barnehage: Kyrkjevegen 20, 6809 Førde
Solsida Haugum barnehage: Stranda 12, 6809 Førde

Postadresse: 
Solsida barnehage
Postboks 338
6802 Førde