Om Slåttebakkane barnehage

Slåttebakkane barnehage

Vi er ein kommunal barnehage med inntil 40 barn, fordelt på 3 avdelingar:

  • Askeladden har plass til 18 barn i alderen 3-5 år
  • Smørbukken har plass til 12 barn i alderen 1-2 år
  • Tommeliten har plass til 9 barn i alderen 1-2 år

Slåttebakkane barnehage opna i januar 1989 og blei totalrenovert i 2016.

Illustrasjon - Vi er grønt flagg sertifisert - Klikk for stort bilete

Frå 2021 har vi hatt fokus på bærekraft og miljø og i desember 2023 blei barnehagen sertifisert som Grønt Flagg barnehage (PDF, 70 kB)

 

Uteområdet

Uteområdet er ein prioritert sak i Samarbeidsutvalet. Det er sett i gong eit tett samarbeid mellom styrar, personale og føresette. Målet med samarbeidet er å legge gode planar for å få utnytta området på ein god måte, og å gi betre moglegheit for allsidig aktivitet.

Nærmiljø

Vi held til sentralt midt i eit byggefelt i Slåttebakkane, med gangavstand til gode naturområde og varierte leikeplassar som vi nyttar mykje. I samarbeid med Slåttebakkane grannelag og foreldregruppa, har vi utarbeida eit område i skogen som har fått namnet «Hundremeterskogen». Dette området ligg fint til rette for allsidig leik og utforsking, og er ein stad barna får leike og lære av og i naturen.

Søk barnehageplass

 


 

Kontakt

Profilbilde av Gudbjørg Gunnarsdottir  Kleppe
Gudbjørg Gunnarsdottir Kleppe
Einingsleiar
E-post
Telefon 57 72 44 45

Opningstider

07.00–16.30

Adresse

Besøksadresse:
Ekornlia 3
6814 Førde 

Postadresse: 
Slåttebakkane barnehage
Postboks 338
6802 Førde