Om Slåttebakkane barnehageSlåttebakkane barnehageVi er ein kommunal barnehage med inntil 40 barn, fordelt på 3 avdelingar:Askeladden har plass til 18 barn i alderen 3-5 årSmørbukken har plass til 12 barn i alderen 1-2 årTommeliten har plass til 9 barn i alderen 1-2 årSlåttebakkane barnehage opna i januar 1989 og blei totalrenovert i 2016.Frå 2021 har vi hatt fokus på bærekraft og miljø og i desember 2023 blei barnehagen sertifisert som Grønt Flagg barnehage (PDF, 70 kB) UteområdetUteområdet er ein prioritert sak i Samarbeidsutvalet. Det er sett i gong eit tett samarbeid mellom styrar, personale og føresette. Målet med samarbeidet er å legge gode planar for å få utnytta området på ein god måte, og å gi betre moglegheit for allsidig aktivitet.NærmiljøVi held til sentralt midt i eit byggefelt i Slåttebakkane, med gangavstand til gode naturområde og varierte leikeplassar som vi nyttar mykje. I samarbeid med Slåttebakkane grannelag og foreldregruppa, har vi utarbeida eit område i skogen som har fått namnet «Hundremeterskogen». Dette området ligg fint til rette for allsidig leik og utforsking, og er ein stad barna får leike og lære av og i naturen.Søk barnehageplass Sist endra 28.01.2025 10.22