Om Skei barnehage

Skei barnehage

Skei barnehage er ein fire avdelings barnehage som ligg sentralt plassert i Skei sentrum rett bak det gamle kommunehuset.
Barnehagen vart utvida hausten 2014 og har totalt 84 plassar.
Vi har to store og gode uteområde. Eit for dei små med sandkasse, klatrestativ og kupert terreng for utfoldelse og eit større med ny gapahuk, ei zipline og eit stort klatrestativ.

Satsingsområda i Skei barnehage

ACTNOW er felles satsingsområdet for barnehagane i Sunnfjord i barnehageåra 2020-2022.

Active Learning Norwegian Preschool(er)s (ACTNOW)

ACTNOW er eit storskala forskings- og utviklingsprosjekt knytt til kompetanseutvikling for fremming av fysisk aktivitet i barnehagen. I tett samarbeid med barnehagane som deltek i prosjektet, er målet å utvikle gode og bærekraftige modellar for meir og betre fysisk aktivitet i barnehage. Samtidig vil me utvikle meir kunnskap om korleis fysisk aktivitet påverkar barn si utvikling, læring og helse.

Les meir om ACTNOW på Høgskulen på Vestlandet sine heimesider.

Inkluderande barnehage- og skulemiljø

Inkluderande barnehage- og skulemiljø var felles satsingsområde for barnehagane i nye Sunnfjord kommune i 2019-2020. Vi held fram med bruk og vidareutvikling av utviklingsprosjektet.
Målet med utviklingsprosjektet er:

  • Å utvikle og oppretthalde gode og trygge barnehage- og skulemiljø der alle barn og unge skal trivst og opplever at dei høyrer til!
  • Førebygge, avdekke og handtere mobbing og andre krenkingar
  • Organisasjonsutvikling

 

Meir informasjon finn du på sida Barnehagemiljø

Kontakt

Profilbilde av Mona Skaiå  Årdalsbakke
Mona Skaiå Årdalsbakke
Einingsleiar
E-post
Telefon 57 72 64 31

Opningstider

07.00–16.30

Adresse

Besøksadresse:
Ospene 9
6843 Skei i Jølster

Postadresse: 
Skei barnehage
Postboks 338
6802 Førde