Praktisk informasjon - Nærleiken barnehage

Opningstider i barnehagen

  • Barnehagen er open måndag–fredag klokka 07.00–16.30.
  • Vi held stengt julaftan og nyttårsaftan. Onsdag før påske stenger barnehagen klokka 12.00. 
  • Vi har ope heile sommaren. Vi er regulert etter kommunen sine vedtekter for ferie der det er vedtatt at barna skal ha minst 3 veker samanhengande ferie i perioden 1. juni til 1. september.
  • Barna sin ferie skal meldast til barnehagen seinast 1. mai i ferieåret. 

 

Gratis kjernetid

Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsatt skulestart, som bur i husholdningar med lav inntekt, har rett til å få 20 timar gratis oppholdstid i barnehage per veke.

Frå 1. august 2024 er inntektsgrensa 642 700,- kroner.

Ordninga med gratis kjernetid gjelder uavhengig om du har deltids- eller heiltidsplass. Det betyr at eit barn med deltidsplass med rett til gratis kjenetid, har krav på 20 timar gratis opphaldstid uavhengig av størrelse på plassen. Visst nokon vel kun å bruke dei 20 timane, er tilbudet gratis.

Her finn du meir informasjon om gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling

Tilvenning i barnehagen

Det er alltid spennande når nye barn skal begynne i barnehagen og vi ønsker at dei skal få god tid til å bli kjent og trygge. Nærleiken barnehage startar no opp eit utviklingsarbeid som skal gå over to år. Dette utviklingsarbeidet handlar blant anna om barns tilknytning til nye vaksne, oppstart i barnehagen, samspel mellom barn og vaksne. Vi oppdaterar difor informasjonen vår om tilvenning i barnehagen, og skal legge det ut så fort vi har det klart. 

Det viktigaste for å skape ein god tilvenningsperiode for barnet, er å bruke tid.  Det er individuelt kor lang tid eit barn treng på tilvenninga. Vi starta på våren og sommaren med besøk og ein oppstartssamtale. Foreldremøte på kveldstid i august for nye foreldre. Meir informasjon kjem. 

Overgang heim - barnehage (DOCX, 372 kB)

 

Kontakt

Profilbilde av Hege Herland Kjeilen
Hege Herland Kjeilen
Einingsleiar
E-post
Telefon 99 20 26 79

Opningstider

07.00–16.30

Adresse

Besøksadresse:
Hafstadreina 22
6813 Førde  

Postadresse: 
Nærleiken barnehage
Postboks 338
6802 Førde