Om Nærleiken barnehage

Nærleiken barnehage er ein fem avdelings barnehage med unik beliggenhet, då vi ligg midt i Hafstadparken og har tilgang til eit fantastisk nærområde. Vi har 30 småbarnsplassar for barn i alder 0 til 3 år og 51 storbarnsplassar for barn 3 til 6 år.

I Nærleiken får barna vere med på: 

  • 1-2 åringane får reise på sykkeltur med el-sykkel
  • 3-åringane går lengere turar til cowboyskogen, og til andre aktivitetar/tilbod i sentrumsområde.
  • 4 åringane reiser på tur med minibussen, for å gå på tur eller ski ved hytta vår på Langeland.  
  • 5-åringane brukar minibussen, for å gå på tur eller ski ved hytta vår på Langeland. Førskulegruppa er på bading, og har eigen plan som skal gjere det siste året i barnehagen spesielt.

Vår visjon: "Vi har heile dagen"

Med dette meiner vi:

  • Barna skal få kjenne tryggleik og samkjensle.
  • Vi skal gi barna tid og høve til å leike.
  • Barna skal få mot til å ta utfordringar.

Sentrale omgrep for å nå måla er:

  • Omsorg: Tilknyting, trygge rammer, oppmuntring.
  • Leik: Livsutfalding, fysisk aktivitet, oppmuntring og kunnskap om seg sjølv
  • Læring: Grunnleggande kunnskap, opplevingar, erfaringar og kunnskap om seg sjølv.
  • Sosial kompetanse: Samhandling, mangfald, empati, likskap og ulikskap.
  • Språkleg kompetanse: Identitet, kommunikasjon, samhandling, forståing og relasjon.
  • Barnehagen som kulturarena: Kunnskap, verdiar, haldningar, erfaringar og uttrykksmåter.

Kontakt

Profilbilde av Marie Doreen  Thune
Marie Doreen Thune
Konstituert einingsleiar
E-post
Telefon 57 02 12 22

Opningstider

07.00–16.30

Adresse

Besøksadresse:
Hafstadreina 22
6813 Førde  

Postadresse: 
Nærleiken barnehage
Postboks 338
6802 Førde