Om Nærleiken barnehageNærleiken barnehage er ein fem avdelings barnehage med unik beliggenhet, då vi ligg midt i Hafstadparken og har tilgang til eit fantastisk nærområde. Vi har 30 småbarnsplassar for barn i alder 0 til 3 år og 51 storbarnsplassar for barn 3 til 6 år.I Nærleiken får barna vere med på: 1-2 åringane får reise på sykkeltur med el-sykkel 3-åringane går lengere turar til cowboyskogen, og til andre aktivitetar/tilbod i sentrumsområde. 4 åringane reiser på tur med minibussen, for å gå på tur eller ski ved hytta vår på Langeland. 5-åringane brukar minibussen, for å gå på tur eller ski ved hytta vår på Langeland. Førskulegruppa er på bading, og har eigen plan som skal gjere det siste året i barnehagen spesielt.Vår visjon: "Vi har heile dagen"Med dette meiner vi: Barna skal få kjenne tryggleik og samkjensle. Vi skal gi barna tid og høve til å leike. Barna skal få mot til å ta utfordringar.Sentrale omgrep for å nå måla er: Omsorg: Tilknyting, trygge rammer, oppmuntring. Leik: Livsutfalding, fysisk aktivitet, oppmuntring og kunnskap om seg sjølv Læring: Grunnleggande kunnskap, opplevingar, erfaringar og kunnskap om seg sjølv. Sosial kompetanse: Samhandling, mangfald, empati, likskap og ulikskap. Språkleg kompetanse: Identitet, kommunikasjon, samhandling, forståing og relasjon. Barnehagen som kulturarena: Kunnskap, verdiar, haldningar, erfaringar og uttrykksmåter. Sist endra 05.11.2024 09.32