Om Lunden barnehage

Lunden  barnehage 

Vi er ein kommunal barnehage med seks avdelingar i romslege lokale. Fiolen, Løvetanna, Soleia, Kvitveisen, Blåklokka og Rosa har god plass til kvart enkelt barn. Barnehageåret 2023-2024 har vi omlag 50 barn. Avdeling Fiolen står tom dette året, elles er alle avdelingane i dagleg bruk. På Løvetanna er det eitt og to åringar saman, medan dei andre avdelingane er aldersreine.  Med det meiner vi at barna på kvar avdeling er fødd i same årskull.

Kvardagsaktivitetar

Som sentrumsbarnehage har vi kort veg til skulen, biblioteket, elva, skogen og stranda. Dette er fasilitetar vi nyttar gjennom heile barnehageåret. Elles har barnehagen også eit stort uteområde, som vi nyttar dagleg.

Lunden barnehage er kunstbarnehage. Ikkje berre står andre etasje "oppned", men vi har også brukt mykje fargar på uteområdet. Utsmykking på gjerdet, fargerike søyler og beslag er noko av det vi har brukt ute. Inne har vi bodis av Kjartan Slettemark og vi er opptekne av å gje barna opplevingar gjennom ulike kunstneriske utrykk.

Eit barn køyrer med leiketraktor og målar såleis bilde med raud, gul og brun farge. - Klikk for stort bilete Lunden barnehage

 

 

 

 

 

 

 

 

 

"Ein god stad å vere - ein god stad å lære"

Vi vektlegg at barna skal ha det godt. Dei skal få med seg mange og varierte opplevingar gjennom barnehagedagen som kan gi dei kunnskap og erfaring. Vi arbeider på ulike måtar og legg til rette for formell og uformell læring gjennom ulike aktivitetar der barna kan oppdage, lære og erfare.

To vaksne og åtte barn på tur. Dei studerer haustlauv  - Klikk for stort bilete Lunden barnehage

Kontakt

Profilbilde av Kirsten Kongsvik
Kirsten Kongsvik
Einingsleiar Lunden barnehage
E-post
Telefon 57 81 61 76
Mobil 41 16 08 89

Opningstider

07.00–16.30

Adresse

Besøksadresse:
6817 Naustdal

Postadresse: 
Lunden barnehage
Postboks 338
6802 Førde