Om Lunden barnehage

Lunden  barnehage 

Vi er ein kommunal barnehage med seks avdelingar i romslege lokale. Fiolen, Løvetanna, Soleia, Kvitveisen, Blåklokka og Rosa har god plass til kvart enkelt barn. Barnehageåret 2024–2025 har vi i overkant av 50 barn. Dette året er fire av avdelingane i dagleg bruk, medan dei to andre blir nytta etter behov. 

Fiolen og Løvetanna som blir nytta som småbarnsavdelingar er aldersreine, med det meiner vi at barna på kvar avdeling er fødd i same årskull. Soleia og Blåklokka har aldersblanda grupper.

Kvardagsaktivitetar

Som sentrumsbarnehage har vi kort veg til skulen, biblioteket, elva, skogen og stranda. Dette er fasilitetar vi nyttar gjennom heile barnehageåret. Barnehagen har også eit stort uteområde, som vi nyttar dagleg. 

Lunden barnehage har eit bygg litt utanom det vanlege. Ikkje berre står andre etasje "oppned", men vi har også brukt mykje fargar på uteområdet. Utsmykking på gjerdet, fargerike søyler og beslag er noko av det vi har nytta ute. Inne har vi bodis av Kjartan Slettemark. Vi er også opptekne av å gje barna opplevingar gjennom ulike kunstneriske utrykk.
 

Eit barn køyrer med leiketraktor og målar såleis bilde med raud, gul og brun farge. - Klikk for stort bilete Lunden barnehage

 

 

 

 

 

 

 

 

 

"Ein god stad å vere - ein god stad å lære"

Vi vektlegg at barna skal ha det godt. Dei skal få med seg mange og varierte opplevingar gjennom barnehagedagen som kan gi dei kunnskap og erfaring. Vi arbeider på ulike måtar og legg til rette for formell og uformell læring gjennom ulike aktivitetar der barna kan oppdage, lære og erfare.

To vaksne og åtte barn på tur. Dei studerer haustlauv  - Klikk for stort bilete Lunden barnehage

Kontakt

Profilbilde av Kirsten Kongsvik
Kirsten Kongsvik
Einingsleiar
E-post
Telefon 57 81 61 76
Mobil 41 16 08 89

Opningstider

07.00–16.30

Adresse

Besøksadresse:
6817 Naustdal

Postadresse: 
Lunden barnehage
Postboks 338
6802 Førde