Utval og medverknadSamarbeidsutvalet og foreldreutvalet Samarbeidsutvalet er eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Samarbeidsutvalet består av foreldre/føresette og tilsette i barnehagen, slik at gruppa er likt representert. Foreldrerepresentantar i SU er Camilla Aasen og Svein Tore Jenssen. Camilla Aasen er leiar og Svein Tore Jenssen står på val hausten 2021. Vedtekter Samarbeidsutvalet og FAU (PDF, 60 kB) Samarbeidsutval 2021-2022 Leiar: Camilla Aasen (representant Kube 3) Medlem foreldre: Inger Jorun Årseth (representant frå Kube 1) Medlem personal: Bjørn Ove Fossheim, Stine Heggheim Sunnfjord kommune: Vigdis Tonning (V) Einingsleiar: Lena Kristin Slettemark (møte- og forslagsrett og fungerer som referent) Referat frå møte i samarbeidsutvalet Møtereferat 21.september 2021 (PDF, 405 kB) Barnerådet I Langhaugane barnehage har vi Barneråd for dei eldste ungane i barnehagen (førskulegruppa). I rådet får dei komme med innspel på kva dei vil ha meir eller mindre av som aktivitetar, og kva som er viktig for dei å ha av aktivitetar og utstyr t.d. I tillegg får dei informasjon om Elevrådet dei vil møte i skulen. Dei får kjennskap til demokratiske prosessar med avstemmingar for kva saker ein skal gå vidare med av saker til planarbeidet og økonomiske prioriteringar. Gjennom barnerådet får barna påverke på administrativ nivå og komme med innspel til overordna planar. I barnerådet møter dei Eningsleiar eller ass. Einingsleiar. Reglar i barnerådet (PDF, 192 kB) Sist endra 05.01.2023 10.58