Utval og medverknad

Samarbeidsutvalet og foreldreutvalet

Samarbeidsutvalet er eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Samarbeidsutvalet består av foreldre/føresette og tilsette i barnehagen, slik at gruppa er likt representert. Foreldrerepresentantar i SU er Camilla Aasen og Svein Tore Jenssen. Camilla Aasen er leiar og Svein Tore Jenssen står på val hausten 2021. 

Samarbeidsutval 2021-2022

  • Leiar: Camilla Aasen (representant Kube 3)
  • Medlem foreldre: Inger Jorun Årseth (representant frå Kube 1)
  • Medlem personal: Bjørn Ove Fossheim, Stine Heggheim 
  • Sunnfjord kommune: Vigdis Tonning (V)
  • Einingsleiar: Lena Kristin Slettemark (møte- og forslagsrett og fungerer som referent)
     

Referat frå møte i samarbeidsutvalet

Barnerådet

I Langhaugane barnehage har vi Barneråd for dei eldste ungane i barnehagen (førskulegruppa). I rådet får dei komme med innspel på kva dei vil ha meir eller mindre av som aktivitetar, og kva som er viktig for dei å ha av aktivitetar og utstyr t.d. I tillegg får dei informasjon om Elevrådet dei vil møte i skulen. Dei får kjennskap til demokratiske prosessar med avstemmingar for kva saker ein skal gå vidare med av saker til planarbeidet og økonomiske prioriteringar. Gjennom barnerådet får barna påverke på administrativ nivå og komme med innspel til overordna planar. I barnerådet møter dei Eningsleiar eller ass. Einingsleiar.

Kontakt

Profilbilde av Lena Kristin Slettemark
Lena Kristin Slettemark
Einingsleiar Langhaugane barnehage
E-post
Telefon 95 40 61 09
Mobil 95 40 61 09

Opningstider

07.00–16.45

Adresse

Besøksadresse:
Langhaugane
Dalevegen 19
6847 Vassenden

Postadresse: 
Langhaugane barnehage
Postboks 338
6802 Førde