Om Langhaugane barnehage

Langhaugane barnehage er ein kommunal barnehage med seks avdelingar.

Langhaugane barnehage

Vi er ein kommunal barnehage som ligg sentralt til med omliggande byggefelt og 15 minutt frå Førde sentrum. Barnehagen held til i eit flott bygg frå 2012 som rommar 144 plassar og i dag er 90 plassar i bruk.

Vi har eit stort og godt uteområdet med tilpassa leikeapparat i forhold til alder og utvikling, grillhytte og naturleg vegetasjon i utkanten mot skogen. Vi er mykje ute i alt slags vær. I tillegg har vi eigen utfluktsplan som legg opp til ulike stølsturar og  ekskursjonar i nærmiljøet. I alle stillingar har vi ei god kjønns- og aldersblanding i personalet.

"Det einaste du ikkje kan gjere ute, er å vere inne."

Fire barn står og målar bilde på staffeli på uteleikeplassen til barnehagen. - Klikk for stort bilete
Eit barn står og målar bilde på uteleikeplassen til barnehagen - Klikk for stort bilete


Ein liten videosnutt frå barnehagen finn du på facebook-profilen vår 
Her får du sjå barnehagen innvending og litt av uteområdet vårt. 

Kontakt

Profilbilde av Lena Kristin Slettemark
Lena Kristin Slettemark
Einingsleiar Langhaugane barnehage
E-post
Telefon 95 40 61 09
Mobil 95 40 61 09

Opningstider

07.00–16.45

Adresse

Besøksadresse:
Langhaugane
Dalevegen 19
6847 Vassenden

Postadresse: 
Langhaugane barnehage
Postboks 338
6802 Førde