Langhaugane barnehage
Vi er ein kommunal barnehage som ligg sentralt til med omliggande byggefelt og 15 minutt frå Førde sentrum. Barnehagen held til i eit flott bygg frå 2012 som rommar 144 plassar og i dag er 90 plassar i bruk.
Vi har eit stort og godt uteområdet med tilpassa leikeapparat i forhold til alder og utvikling, grillhytte og naturleg vegetasjon i utkanten mot skogen. Vi er mykje ute i alt slags vær. I tillegg har vi eigen utfluktsplan som legg opp til ulike stølsturar og ekskursjonar i nærmiljøet. I alle stillingar har vi ei god kjønns- og aldersblanding i personalet.
"Det einaste du ikkje kan gjere ute, er å vere inne."
Ein liten videosnutt frå barnehagen finn du på facebook-profilen vår
Her får du sjå barnehagen innvending og litt av uteområdet vårt.