Om Halbrend barnehage

Halbrend barnehage er ein kommunal barnehage med fire avdelingar.

Informasjon om barnehagen

Vi har eit stort uteområde der store deler er naturtomt. Vi ligg sentralt i eit roleg bustadområde med skule og friområder i nærleiken. Barnehagen vart opna i 1977 med to avdelingar. Etter fleire utbyggingar, den siste i 2016, er den i dag ein moderne og tidsriktig barnehage med fire avdelingar. 

Avdelingar

  • Himmelblå avdeling med 9 plasser for barn 0-3 år. 
  • Månelys avdeling med 9 plasser for barn 0-3 år. 
  • Stjernetoppen avdeling med 18 plasser, barn 3-6 år. 
  • Solstråle avdeling med 18 plasser for barn 3-6 år
Biletet viser rosa og grøn leikehytte, sandkasse og bord med benker. - Klikk for stort bilete
Nokre vaksne som huskar og nokre står bak. - Klikk for stort bilete
Sjørøvarskute med lauvskog i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete
Det ryk frå bålpanna i barnehagen og Norsk flagg på veggen. - Klikk for stort bilete

Hovedfokus for arbeidet vårt

  • Vi ynskjer at Halbrend barnehage skal vere ein trygg plass å vere i lag med trygge vaksne. Vaksne her skal; ta seg tid, lytte, glede seg når barnet meistrar og sjå det positive i kvar einskild.
  • Vi skal gje barna omsorg tilpassa den enkelte sine behov i eit tett samarbeid med dykk som foreldre. Vi skal støtte og oppmuntre barna til å vise omsorg, og til å ta i mot omsorg frå kvarandre.
  • Vi ynskjer å skape gode kvardagar fylt med leik, latter og glede, der det skal være rom for barna sine initiativ.
  • Leiken er det viktigaste for barna og den skal ha ein sentral plass i kvardagen vår. 
  • Barna skal få leike i nærvær av engasjert og inkluderande vaksne.
  • Gjennom leiken får dei øvd, opplevd og gjer seg erfaringar som er viktige i deira sosiale og kognitive utvikling.

Kontakt

Profilbilde av Eva Omdal Følling
Eva Omdal Følling
Einingsleiar Halbrend barnehage
E-post
Telefon 90 72 36 89
Mobil 90 72 36 89

Opningstider

07.00–16.30

Adresse

Besøksadresse:
Liavegen 37
6814 Førde 

Postadresse: 
Halbrend barnehage
Postboks 338
6802 Førde