Om Halbrend barnehageHalbrend barnehage er ein kommunal barnehage med fire avdelingar.Informasjon om barnehagenVi har eit stort uteområde der store deler er naturtomt. Vi ligg sentralt i eit roleg bustadområde med skule og friområder i nærleiken. Barnehagen vart opna i 1977 med to avdelingar. Etter fleire utbyggingar, den siste i 2016, er den i dag ein moderne og tidsriktig barnehage med fire avdelingar. AvdelingarHimmelblå avdeling med 9 plasser for barn 0-3 år. Månelys avdeling med 9 plasser for barn 0-3 år. Stjernetoppen avdeling med 18 plasser, barn 3-6 år. Solstråle avdeling med 18 plasser for barn 3-6 år Hovedfokus for arbeidet vårtVi ynskjer at Halbrend barnehage skal vere ein trygg plass å vere i lag med trygge vaksne. Vaksne her skal; ta seg tid, lytte, glede seg når barnet meistrar og sjå det positive i kvar einskild.Vi skal gje barna omsorg tilpassa den enkelte sine behov i eit tett samarbeid med dykk som foreldre. Vi skal støtte og oppmuntre barna til å vise omsorg, og til å ta i mot omsorg frå kvarandre.Vi ynskjer å skape gode kvardagar fylt med leik, latter og glede, der det skal være rom for barna sine initiativ.Leiken er det viktigaste for barna og den skal ha ein sentral plass i kvardagen vår. Barna skal få leike i nærvær av engasjert og inkluderande vaksne.Gjennom leiken får dei øvd, opplevd og gjer seg erfaringar som er viktige i deira sosiale og kognitive utvikling. Sist endra 11.11.2024 14.40