Etablere ny barnehage

Ønskjer du å etablere barnehage i Sunnfjord kommune må du søkje om godkjenning av barnehagen.

Det er kommunen som avgjer søknadar om godkjenning etter ei vurdering om barnehagen er egna ut frå formål og innhald. Kommunen kan ved godkjenninga sette nokre vilkår for drifta med omsyn til tal barn, barna sin alder og opphaldstid. Kommunen sitt vedtak kan klagast på, og statsforvaltaren i Vestland er siste klageinstans. (barnehagelova § 14)

Det er 4 hovuddriftsformer du kan søke om godkjenning for:

  • Ordinære barnehagar
  • Familiebarnehagar
  • Barnehagar med vekt på friluftsliv
  • Opne barnehagar

Vurderingar som ligg til grunn for godkjenning av ulike driftsformer av barnehagar

Du kan lese meir om krava til godkjenning av barnehager og dei ulike driftsformene i desse linkane:

Ønskjer du hjelp til å søkje, kan du ta kontakt med Sunnfjord kommune:

Sentralbord Sunnfjord kommune 57 72 20 00
E-post: postmottak@sunnfjord.kommune.no

Lovgrunnlaget 

Det er primært fastsetjingar i barnehagelova med forskrifter som er gjeldande ved godkjenning av etablering og drift av barnehagar, men det er også andre lovverk som er gjeldande.

Her er ein oversikt over paragrafane i barnehagelova som er gjeldande:


§ 6 Virksomhetens plikt til å søke godkjenning

Verksemder som har ansvar for barn under opplæringsliktig alder, pliktar å søke godkjenning når:

  • Verksemda er regelmessig, eit eller fleire barn har opphald på meir enn 20 timar per veke
  • 10 eller fleire barn når alle er over 3 år som er til stade samtidig, færre om dei er under 3 år
  • Verksemda får godtgjerdsle 

§ 14 Godkjenning
Kommunen pliktar å avgjere søknadar om godkjenning etter vurderingar i barnehagelova

§ 15 Familiebarnehagar

  • Godkjenning omfattar verksemda si organisering og om heimen drifta er etablert i er egna
  • Det er eiga forskrift for familiebarnehagar om krava til etablering og drift

Desse paragarfane skal vurderast i godkjenninga:

  •  § 1 Formål
  • § 1a Særlig formål
  • § 2 Barnehagens innhold 

Andre lovverk som er gjeldande ved godkjenning av etablering og drift av barnehagar:

Søknad om godkjenning av barnehagar

Barnehageeigar må sende søknad, eller melde ved

  • ønskje om etablering av ny barnehage
  • flytting av ein godkjent barnehage til nye lokaler
  • større endringar som påverkar barnehagen si drift
  • plan om eit eventuelt eigarskifte av barnehagen

Barnehagar med vekt på friluftsliv nyttar søknad om godkjenning av ordinær barnehage.

Søknad om godkjenning av ordinær barnehage
Søknad om godkjenning av familiebarnehage