BarnehagemyndeBarnehagemynde har som oppgåve å fatte vedtak om godkjenning av barnehagar, handsame søknadar om dispensasjonar og finansiere private barnehagar. I tillegg kjem andre oppgåver som følgje av barnehagelova med forskrifter. Kva er barnehagemynde?Lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehagelova) ligg til grunn for barnehagemynde si utøving av mynde. Kommunen er lokal barnehagemynde, og skal sjå til at barnehagane vert drivne i samsvar med regelverket. Barnehagelova gjeld for kommunale og for private barnehageeigarar. Barnehagemynde har tre verkemiddel til disposisjon:Rettleiing, tilsyn og godkjenningBarnehagemynde har som oppgåve å fatte vedtak om godkjenning av barnehagar, handsame søknadar om dispensasjonar og finansiere private barnehagar. I tillegg kjem andre oppgåver som følgje av barnehagelova med forskrifter. Barnehagemynde kan gje pålegg om retting av ulovlege eller uforsvarlege tilhøve ved godkjende, eller godkjenningspliktige verksemder. Avgjerda om å gje pålegg om retting av uforsvarlege tilhøve skal fungere som ein tryggleik. Samt fange opp tilhøve som ikkje er direkte regulert i barnehagelova, men som kan føre til uforsvarlege tilhøve for barna sin trivsel, leik, læring og utvikling i barnehagane. Å sikre at regelverk vert følgt medfører både ein aktivitet for å vurdere risiko for brot på barnehagelova med forskrifter, og ei plikt til å bruke verkemidla slik at barnehageeigar sin praksis er i samsvar med regelverket. For å sikre rettstryggleiken til alle barnehageeigarar i Sunnfjord kommune, og for å sikre legitimiteten av arbeidet er kommunen si eigarrolle i barnehagesektoren fråskilt frå rolla som barnehagemynde. Du kan lese meir om kommunen si rolle som barnehagemynde her:Kommunens rolle som barnehagemyndighet Lov om barnehager (barnehageloven) For meir informasjon tar du kontakt med Sunnfjord kommune ved Lise Mari Haugen Rutine for handsaming av dispensasjonssøknaderRutine for følgjande dispensasjonssøknadar:Handsaming av søknadar om dispensasjon frå norm for pedagogisk bemanningHandsaming av søknadar om dispensasjon frå utdanningskravHandsaming av søknadar om dispensasjon frå kravet om norskferdigheiterForskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehagarFramgangsmåte for å søkje dispensasjon:Den einskilde barnehage søkjer om dispensasjon. Søk dispensasjon Dispensasjon frå pedagognormDet skal vere minimum ein pedagogisk leiar pr 14 barn, når barna er over 3 år. Når barna er under 3 år skal det vere minimum ein pedagogisk leiar pr 7 barn. Barna vert rekna som over 3 år frå august det året dei fyller 3 år. Norma gjeld på barnehagenivå og ein skal difor ta utgangspunkt i det totale tal barn i barnehagen, og ikkje på den einskilde avdeling eller gruppe. Det er tal barn som er grunnlaget, og ikkje tal plassar. Det vil sei at to barn som kvar har 50 prosent plass tel som 2 barn i pedagognorma, sjølv om dei ikkje er i barnehagen samstundes. Mellombels dispensasjon frå pedagognorma kan bli gitt for inntil eitt år om gongen, dersom særlege omsyn talar for det. Særlege omsyn skal i det konkrete tilfelle det vert søkt om dispensasjon for, vere til barna sitt beste i den barnehagen det vert søkt for. Kommunen må gjere ei konkret vurdering ved kvart einskild tilfelle. Barnehageeigar skal legge ved uttale frå barnehagen sitt samarbeidsutval i søknaden.For meir informasjon tar du kontakt med Sunnfjord kommune ved Gro Bjørvik Dispensasjon frå krav om norskferdigheiter for styrarar og pedagogiske leiararUtdanningskravet skal sikre at personalet har kompetanse til å drive barnehagen. Etter barnehagelova § 24 andre ledd, må styrar i barnehagen ha utdanning som barnehagelærar eller ha anna høgskuleutdanning med barnefagleg og pedagogisk kompetanse.Pedagogiske leiarar må ha utdanning som barnehagelærar. Det vert stilt krav om norskferdigheiter for personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar som styrar, eller pedagogisk leiar. Utdanningskravet er gitt for å sikre at personalet har nødvendig kompetanse til å drive barnehagen til det beste for barn og foreldre. Det kan likevel bli gitt dispensasjon frå utdanningskravet og/eller kravet om norskferdigheiter dersom barnehagen ikkje greier å skaffe rett utdanna personale. Eit av vilkåra for dispensasjon er at det ikkje har meldt seg kvalifisert søkjar, etter at stillinga har vore offentleg utlyst. Ein føresetnad for dispensasjon frå utdanningskravet og kravet om norskferdigheiter, er at barnehagen ikkje greier å skaffe rett utdanna personale. Reglane om dispensasjon inneber at barnehagen ikkje kan tilsetje ein ikkje-kvalifisert søkjar til stilling som styrar eller pedagogisk leiar dersom det ligg til grunn ein eller fleire søkjarar til stillinga som oppfyller utdanningskravet etter lova. Forskrifta opnar opp for at ein søkjar sine personlege eigenskapar kan bli vektlagt i denne samanheng.For meir informasjon tar du kontakt med Sunnfjord kommune ved Gro Bjørvik Dispensasjon frå norm om grunnbemanningBarnehagen skal ha minst ein arbeidstakar pr. tre barn når barna er under tre år. Når barna er over tre år skal det vere ein arbeidstakar pr seks barn. Barn vert rekna for å vere over tre år frå og med august det året dei fyller tre år. Ved grunnbemanning kan ein rekne med prosentvise stillingar. Det vil sei at eit ekstra barn ikkje utløyser krav til ny heiltidsstilling. Eit barn under tre år utløyser behov for 0,33 årsverk, og eit ekstra barn over tre år utløyser 0,17 årsverk. På lik linje som for pedagognorma, skal barnehagen som heilskap fylle kravet til grunnbemanning. Vilkåra om at det må ligge til grunn særlege omsyn, betyr at det berre unntaksvis er høve til å gje dispensasjon. Kommunen vil foreta ei konkret vurdering av om barnehageeigar gjer ein reell innsats for å skaffe kvalifisert personale. Kommunen vil samstundes vurdere om barnehagen har tilstrekkeleg personale til å drive ei tilfredsstillande pedagogisk verksemd i den perioden det vert søkt dispensasjon for. Dette vil mellom anna avhenge av alder på barna og opphaldstid. Samt den samla kompetansen til bemanninga. Kommunen må foreta ei konkret vurdering i kvart einskild tilfelle.For meir informasjon tar du kontakt med Sunnfjord kommune ved Gro Bjørvik Tilsyn med barnehagar i Sunnfjord kommuneSom lokal barnehagemynde har kommunen ansvar for tilsyn og rettleiing av barnehagane i kommunen. Barnehagemynde skal sjå til at barnehagane føl regelverket. Ansvaret gjeld for kommunale og private barnehagar. Dette medfører at kommunen fører tilsyn med barnehagar som ein driv sjølv. For å sikre rettstryggleiken til alle barnehagar i Sunnfjord kommune, og for å sikre legitimiteten av tilsyns- og rettleiingsarbeidet, er eigarrolla til kommunen i barnehagesektoren skilt frå rolla som barnehagemynde. Kommunalsjef for barnehage er barnehageeigar, og rolla som barnehagemynde ligg under assisterande kommunedirektør. Tilsyn kan finne stad gjennom skriftleg dokumentasjon frå barnehagane, og gjennom tilsynsbesøk. Det er ikkje lovpålagt kor ofte og korleis tilsyn skal gjerast. Barnehagemynde sitt ansvar avgrensar seg til å føre tilsyn etter Lov om barnehagar med forskrifter. Dersom det blir oppdaga brot på andre lover og forskrifter skal dette meldast til gjeldande instans. Barnehagelova set skilje mellom ansvar og oppgåver til barnehageeigar, og ansvar og oppgåver kommunen har som barnehagemynde. Eigar har eit sjølvstendig ansvar for at barnehagelova med forskrifter vert følgt. Kommunen som barnehagemynde har ansvar for å sjå til at barnehagane blir drivne i samsvar med gjeldande regelverk. Å sørge for at regelverket vert følgt inneber aktivitet for å vurdere risiko for brot på barnehagelova med forskifter. I tillegg pliktar ein å bruke verkemidla slik at praksisen til barnehageeigar er i samsvar med regelverket.Du kan lese meir om kommunen si rolle ved tilsyn av barnehagarTilsyn med barnehager (UDIR) Metodebok for tilsyn (UDIR) 2 For meir informasjon tar du kontakt med Sunnfjord kommune ved Lise Mari Haugen Godkjenning av barnehagane i Sunnfjord kommuneDet er kommunen som sit med hovudansvaret for at det blir etablert barnehagar som oppfyller krava i regelverket, og som sikrar barna eit likeverdig pedagogisk tilbod. Barnehagar skal vere godkjende av kommunen før verksemda kan starte.Godkjenningsordninga skal sikre at det vert etablert gode barnehagar. Kommunen skal i etableringsfasen sjå til at barnehagelova sine krav vert følgt, og at det blir lagt opp til ei forsvarleg verksemd.Dersom ein godkjent barnehage gjer endringar av eit visst omfang, må barnehageeigar melde dette til Sunnfjord kommune som barnehagemynde.For meir informasjon kontaktar du Sunnfjord kommune ved Endre Fure Bortne Rettleiing av barnehagarSom barnehagemynde har kommunen ansvar for godkjenning, tilsyn og rettleiing av barnehagar for å sjå til at barnehagane føl regelverket. Ansvaret gjeld for kommunale og private barnehagar. I merknad til barnehagelova §10 , barnehagemynde sitt ansvar, står følgjande:Kommunen skal ved godkjenninga, og gjennom aktiv rettleiing og tilsyn, sjå til at barnehagane i kommunen blir driven i tråd med dei krava som er fastsett i barnehagelova med tilhøyrande forskrifter.Aktiv og god rettleiing er eit viktig verkemiddel for å ha gode barnehagar, samt for å ha effektiv etablering og drift. For Sunnfjord kommune betyr dette å arbeide aktivt inn mot barnehagane, samt at ein har eit godt samarbeid mellom barnehagemynde og barnehageeigar. Med utgangspunkt i dei opplysingane kommunen får kjennskap til, skal barnehagemynde rettleie barnehageeigar og barnehagane til å følgje regelverket. Gjennom risikoanalysar og vurderingar skal ein bestemme kva tid det er føremålstenleg å gje rettleiing. Målet med rettleiing er å sikre etterleving av regelverk. Dersom rettleiing ikkje fører til endring, er det naudsynt å bruke tilsyn som verkemiddel. Tilsyn kan og gjennomførast utan at ein har prøvd rettleiing først.For meir informasjon kontaktar du Sunnfjord kommune ved Lise Mari Haugen Er du ikkje nøgd med tilbodet i barnehagen? For at det skal vere eit best mogeleg samarbeid mellom heim og barnehage bør ein prøve å løyse alle tilbakemeldingar i næraste ledd. Det vil sei at tilbakemeldinga i første omgang kan bli gitt til pedagogisk leiar på avdelinga. Dersom ein ikkje opplever at saka vert løyst kan foreldre/føresette ta kontakt med styrar i barnehagen. Det er barnehagen sin styrar som er ansvarleg for tilbodet, og som skal samarbeide med alle foreldre/føresette. Dersom det gjeld generelle forhold i barnehagen, kan ein og ta det opp med barnehagen sitt samarbeidsutval. Alle barnehagar skal ha eit samarbeidsutval som er sett saman av representantar frå foreldre og tilsette i barnehagen, samt ein representant frå barnehageeigar. Sunnfjord kommune har ansvar for tilsyn av kommunale og private barnehagar. Statsforvaltaren er klageinstans. Er du uroa og ynskjer å gå vidare med klagen din kontaktar du barnehagemynde i Sunnfjord kommune ved Lise Mari Haugen Sist endra 06.01.2026 13.16