Grensesetting utan drama består seg av to element, kontakt og om-dirigering. Det første vi må gjere er alltid å tilby roande kontakt, deretter kan vi om-dirigere åtferd. Sjølv når vi seier nei til barn si åtferd, må vi seie ja til følelsane deira, og til måten dei opplev ting.
Tilby roande kontakt gjennom å:
- Kommunisere ro ved å gå ned under barnet sin augehøgde og vis med kroppsspråk og kroppshaldning at du er der og vil hjelpe barnet
- anerkjenn og sett ord på kjenslene til barnet sjølv om du ikkje likar åtferda
- gje deg tid og lytt til barnet, sjå etter meininga og kjenslene som barnet kommuniserer
- la barnet kjenne at du forstår korleis det har det.
- reflekter tilbake til barnet det du ser og høyrer, slik du ser kjenslene til barnet
Rettlei til alternativ åtferd ved å:
- bruke få ord
- gje akspet for kjensla men ikkje åtferda
- involver barnet, kva kan det gjere annleis neste gong det blir sint
- omformuler eit nei til eit ja med betingelser, “Ja, du kan få leike meir med….. Det kan du etter at ….”
8 grunnleggande og rettleiande prinsipp for grensesetting utan drama
- Grensesetting er essensielt
Å vere glad i barn og gi dei det dei treng inneber å setje klåre og konsistente grenser, og ha høge forventingar til dei. Dette hjelper dei å etablere og oppretthalde positive relasjonar, og oppleve mestring på andre områder i livet.
- Effektiv grensesetting er avhengig av ein kjærleg, respektfull relasjon mellom vaksen og barn
Grensesetting bør aldri innebere truslar eller audmjuking, forårsake fysisk smerte, skremme barn, eller få dei til føle at den vaksne er fienden. Grensesetting skal følast trygt og kjærleg for alle som er involvert.
- Målet med grensetting er at barna skal lære
Vi set grenser for å utvikle ferdigheiter, for at barna skal kunne regulere seg sjølv betre og gjer betre avgjersler i framtida. Det er som regel betre måtar å lære barn ferdigheiter på enn å gje direkte konsekvensar. I staden for straff, oppmuntrar ein barn til samarbeid ved å hjelpe dei å reflektere over sine eigne handlingar, og ved å vere kreative og leikne. Vi set grenser ved å ha ein samtale for å hjelpe å utvikle medvit og ferdigheiter som leiar til betre åtferd både i dag og i morgon.
- Det første steget i grensesetting er å rette merksemda mot barn sine følelsar
Når barn viser uynskt åtferd er det som regel eit resultat av at dei ikkje klarer å regulere store følelsar på ein god måte, og ikkje har ferdigheitene til å gjere gode val. Derfor er det å vere merksam på den emosjonelle erfaringa bak åtferda like viktig som åtferda sjølv. Faktisk viser forsking at det å møte barn i deira emosjonelle behov er den mest effektive tilnærminga til endring av åtferd over tid, i tillegg til at det utviklar hjernane deira på måtar som tillater dei å regulere seg sjølv betre etter kvart som dei veks opp.
- Det er når barn er opprørte eller har eit sinneutbrot at dei treng oss mest
Vi må vise barna at vi er der for dei, og at vi vil vere der for dei når dei har det som verst. Slik bygger vi tillit og ein følelse av grunnleggande tryggleik.
- Nokre gonger må vi vente til barn er klare til å lære
Dersom barn er opprørte eller ute av kontroll, så er dette det verste tidspunktet å prøve å lære dei noko. Dei store følelsane er eit uttrykk for at barna treng oss. Vår første jobb er å roe dei ned, slik at dei kan få tilbake kontrollen og handtere seg sjølv godt.
- Måten ein hjelper barn å bli klare til å lære er å etablere kontakt med dei
Før vi om-dirigerer åtferda deira, etablerer vi kontakt og trøystar. På same måte som vi roar dei når dei har skada seg fysisk gjer vi det same når dei har det vanskeleg emosjonelt. Vi gjer dette ved å anerkjenne følelsane deira og ved å gi dei mykje nærande empati. Før vi om-dirigerer etablerer vi kontakt.
- Etter at vi har etablert kontakt om-dirigerer vi
Når dei har følt kontakten med oss, vil barn vere meir klare til å lære, slik at vi effektivt kan om-dirigere dei og snakke med dei om åtferda deira. Ved å om-dirigere og setje grenser ynskje vi å gi barna innsikt om seg sjølv, empati for andre, og evna til å gjere ting rett når dei har gjort noko gale.