Om førebyggande arbeid

Vi skal skape trygge og gode miljø for alle barn i barnehagen. Arbeid mot krenking er å arbeide med barna si sosiale utvikling og tryggheit. 

I Sunnfjord kommune arbeider vi med utgangspunkt i følgjande område for å skape tryggheit og positiv sosial utvikling for alle barn:

Trygg base: Eg (barnet) har ein trygg base, og nokon eg veit eg kan komme til når eg har det vanskeleg, treng hjelp og trøyst. 

Å høyre til: Dei vaksne lagar eit «oss», eit «felles vi», og eg opplever at dette er ei gruppe der det er plass til meg, og der eg høyrer til.

Emosjonell anerkjenning: Her kan eg vere med alle mine kjensler, og det finns nokon som tek kjenslene mine på alvor når eg treng det. Eg blir møtt, forstått og får hjelp til å handtere og regulere kjenslene mine. 

Samarbeid med foreldre: Barnehage og foreldre samarbeider om å skape eit godt og inkulderande miljø for meg og dei andre barna i gruppa.