God planlegging, organisering og leiing gir gode rammer for å skape eit trygt og godt barnehagemiljø.
Leiing og organisering av avdelinga
Tydeleg leiing og god planlegging av tilsette og barn
- Tydelege planar og god arbeidsfordeling
- Alle vaksne samarbeider for å finne gode system på avdelinga, for å skape eit godt og trygt barnehagemiljø
- Ha felles reglar på avdelinga og felles rutinar for kvardagssituasjonar og overgangar
- Tydelege beskjedar til barna og god oppfølging av desse
Dele barnegruppa i mindre grupper store delar av dagen
- Gi barna oversikt og hjelp til å bli kjende
- Redusere konflikter og frustrasjon
- Gi gode rammer for å konsentrere seg
- Gi dei vaksne betre oversikt, og fange opp barnas utrykk
- Gi dei vaksne betre føresetnader til å vere i dialog, leik og samspel
- Gi dei vaksne betre føresetnader til å bygge relasjonar, og gje tilpass omsorg
Autoritative vaksne
Dei vaksne har god balanse mellom:
- å vere sensitive
- vise empati og kjærleik
- sette grenser
- stille forventningar
- følge opp reglar
Fysisk miljø
- Tilpasse alder og modning
- Tilpasse interesser og aktivitetsnivå
- Risikovurdere det fysiske miljøet
- Gode rutinar og oversikt i alle rom både inne og i uteområdet
- Leikar og utstyr skal gi gode føresetnader for samspel og fellesskap