Undersøke

Plikta til å undersøke handlar om at barnehagen skal undersøke barnet si oppleving av barnehagemiljøet. Undersøkingane har som formål å få fram fakta om situasjonen og kva som påverkar den. Barnehagen har plikt til å undersøkje ved mistanke om, eller kjennskap til, at eit enkeltbarn eller fleire barn i barnegruppa ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø. 

Undersøkinga har som mål å belyse ei sak best mogeleg og den skal få fram barnet si subjektive oppleving av situasjonen.  

I ein aktivitetsplan skal det skildrast kva problem tiltaket skal løyse. Ein skal derfor syte for ei tilstrekkeleg grundig undersøking, og at problemskildringane er gode nok til at det kan lagast tiltak.

I BTI-rettleiaren finn du fleire verktøy som kan vere nyttig i arbeidet med å undersøke og kartlegge barn og barnegrupper.

Ulike former for undersøkingar som kan bli brukt: