Sette inn tiltak

Barnehagen har plikt til å setje inn tiltak som sikrar at alle barn kan ha eit trygt og godt barnehagemiljø. Tiltak skal setjast inn både i situasjonar som gjeld enkeltbarn, og i situasjonar der fleire barn i ei barnegruppe ikkje har det trygt og godt. 

Barnehagen må velje eigna tiltak ut i frå undersøkingane, faglege vurderingar og kva som er tilgjengelig for barnehagen. Tiltaka skal vere kunnskapsbaserte, og barnet sitt beste skal vere eit grunnleggande omsyn.

Tiltaka ikkje kan føre med seg tvang eller makt ovanfor eit barn. 

Ei særlig problemstilling er når det er forhold utanfor barnehagen eller tilbake i tid som er grunnen til at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø. Barnehagen vil likevel ha eit ansvar for å setje inn tiltak som gjer at barnet kan ha eit trygt og godt tida det er i barnehagen.