Gripe inn

Barnehagen skal ha nulltoleranse mot mobbing. Alle som jobbar i barnehagen skal gripe inn, og stoppe krenkingar, med ein gong dersom dei ser uønskt åtferd.

Det kan til dømes vere utestenging frå leik, mobbing eller ein slåsskamp.  

Krenking i barnehage kan vere krenkingar mellom barn og mellom vaksne og barn. All informasjon eller tilbakemelding om krenking skal takast på alvor og meldast vidare til einingsleiar.